Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Reflekter over eiga språklæring

Kva er vanskeleg med å lære norsk? I denne oppgåva skal de diskutere eigne erfaringar. Til slutt skal de skrive ein tekst om det å lære seg eit nytt språk.

Del 1: Jobb med fagomgrep

Lag ei oversikt der du forklarer med eigne ord kva desse fagorda betyr. Bruk gjerne døme frå ditt eige førstespråk:

  1. ein språkfamilie

  2. eit setningsledd, eit subjekt, eit verbal og eit objekt

  3. eit SVO-språk, eit SOV-språk og eit VSO-språk

  4. V2-regelen / plassering av verb i ei heilsetning og ei leddsetning

Sjå gjennom svara saman med ein medelev. Er de einige? Be lærar om hjelp viss de er ueinige om kva nokon av orda betyr.

Del 2: Tenk først, del etterpå

Tenk over desse spørsmåla først. Snakk så med ein medelev:

  1. Er det noko med det norske språket som du synest er lett?

  2. Kva synest du var vanskelegast når du begynte å lære norsk?

    • Var det å uttale orda?

    • Var det å bøye til dømes substantiv og verb?

    • Var det å vite kvar du skulle plassere orda i ei setning?

  3. Korleis er situasjonen no? Er det noko som har blitt lettare?

Del 3: Vel side i klasserommet

Til lærar

Elevane skal ta stilling til påstandane etter kvart som du les dei opp. Er dei einige eller ueinige? Dei som er einige, skal gå til éi side av klasserommet og dei ueinige til den andre sida. Du kan vurdere om det skal vere lov å stille seg i midten. Då kan du i tilfelle be elevane som stiller seg der om å grunngi plasseringa. Det kan gjerne hjelpe dei til å ta eit standpunkt til éi av sidene.

Elevane kan gjerne få litt tid for seg sjølv til å tenke over påstandane før de gjer øvinga i klasserommet.

Når læraren les opp desse , skal de bestemme dykk for om de er einige eller ueinige. De som er einige, går til éi side, og de som er ueinige, går til den andre sida. Følg med på kva læraren seier de skal gjere.

Påstandane:

  1. Å lære eit nytt språk er lett for dei som har førstespråk som er i same språkfamilie.

  2. Barn lærer eit nytt språk lettare enn ungdommar og vaksne.

  3. Å snakke norsk er lettare enn å skrive norsk.

  4. Å forstå norsk tale er enklare enn å lese norsk.

  5. Å lære to nye språk samtidig er umogleg.

  6. V2-regelen i norsk er vanskeleg å lære.

Del 4: Utforskande samtale

Til lærar

Her kan elevane samtale saman i små eller større grupper. Dei som har same førstespråk, kan gjerne sitje saman.

Gi gjerne elevane eit ark med stikkorda under på. Det kan hjelpe dei i samtalen.

Diskuter i grupper: Kva kan gjere det vanskelegare å lære seg norsk?

Ta utgangspunkt i førstespråka de har og sjå på likskapar og forskjellar.

Stikkorda under kan hjelpe dykk. Skriv dei ned på ark og fyll ut med fleire stikkord mens de snakkar. Dette får de bruk for i skriveoppgåva som kjem i del 7:

  • språkfamilie

  • alfabet

  • uttale

  • plassering av setningsledd

  • bøying av ord

Del 5: Les to modelltekstar

I boksen under kan du lese starten på ein tekst om korleis det er å lære seg eit andrespråk for elevar som har norsk som førstespråk:

Modelltekst 1

I Noreg startar barn tidleg med språkopplæring. Norsk er det viktigaste faget for barn i grunnskulen, men dei lærer òg engelsk tidleg.

På ungdomsskulen begynner mange ungdommar å lære det som blir kalla eit framandspråk, og dei fleste kan velje mellom spansk, tysk og fransk. Dette er språk som er i same språkfamilie som norsk og engelsk, altså den indoeuropeiske språkfamilien.

Sjølv om språka er i slekt, er det forskjellar mellom dei. Dette kan gjere det vanskeleg for mange å lære framandspråket. Det er ofte enklare om språka ligg nærme kvarandre i språktreet, at dei er i nær familie. Tysk og norsk har til dømes mange ord til felles, slik at det kan vere enklare for elevane å forstå noko av det som står skrive i ei setning. Døme på det er substantiv som Hand, Finger, Sommer og Winter og verb som lesen og reisen. Grammatikken, derimot, er noko ulik. Mellom anna …

I boksen under kan du lese starten på ein tekst om korleis det er å lære seg eit andrespråk når du er vaksen:

Modelltekst 2

Å lære eit nytt språk kan vere vanskeleg for vaksne. Dette er fordi språk har mange delar, som ord og grammatikk. Forsking viser at vaksne ikkje lærer språk like lett som barn. Når du er vaksen, har du allereie lært eit språk, og hjernen din fungerer annleis enn når du var barn.

Til dømes kan det vere for ein vaksen nordmann å lære tigrinja, som er eit viktig språk i Eritrea. Norsk og tigrinja tilhøyrer ulike språkfamiliar og er veldig ulike. Norsk er , mens tigrinja er . Ein vaksen må først lære eit heilt nytt skriftspråk, som ser annleis ut enn det latinske . Uttalen av lydane i tigrinja kan òg vere vanskeleg, noko som gjer det utfordrande å seie setningar rett.

I tillegg er tigrinja eit SOV-språk, som betyr at dei set subjekt og objekt framfor verbet. Norsk er derimot eit SVO-språk, der verbet kjem etter subjektet. Derfor kan ein nordmann i starten skrive Dei drikk mjølk på tigrinja, men det blir feil. Det rette er Dei mjølk drikk. Det finst òg andre utfordringar når ein nordmann skal lære tigrinja.

For å bli betre i eit nytt språk anbefaler språkforskarane Hanne Gram Simonsen og Bente Ailin Svendsen å ta eit i landet der språket blir snakka. Då får du bruke språket kvar dag og kan få hjelp frå ein lærar.

Til slutt – å lære eit nytt språk tek tid, men gjer du det rett, kan det bli lettare og morosamare!

Kjelder:

Busterud, G. (2019). førstespråkstilegnelse. I Store norske leksikon. Henta 29. august 2024 frå https://snl.no/f%C3%B8rstespr%C3%A5kstilegnelse

Einarsdottir, S. (2018). Spør en forsker: Hvor lang tid tar det å lære et nytt språk? Henta 27. august 2024 frå https://www.forskning.no/spor-en-forsker-sprak/spor-en-forsker-hvor-lang-tid-tar-det-a-laere-et-nytt-sprak/1214728

Støtteark om Tigrinja. Henta 27. august 2024 frå https://sites.google.com/goskole.no/veilederkorpsetskole/Mangfold/spr%C3%A5kbeskrivelser

Del 6: Diskuter i klassen

  1. Står det noko i modelltekstane som de kjenner dykk igjen i? I tilfelle kva?

  2. Er det noko som ikkje står der som de har tenkt på når de lærer eit nytt språk?

Del 7: Skriv ein reflekterande tekst

Du har no arbeidd med temaet "å lære norsk". Bruk det du har lært til å skrive ein tekst der du over korleis du har lært norsk, kva som har vore vanskeleg, og kva som har vore nyttig.

Hugs dette!

  • Det du har skrive av stikkord og modelltekstane over er gode hjelpemiddel.

  • Teksten din må delast inn i avsnitt: innleiing, hovuddel og avslutning.

  • Øv deg òg på å skrive inn kjelder. Du kan lese om dette i fagartikkelen "Korleis sitere og vise til kjelder?"

Skrive av Jeanette Vik Selven.
Sist oppdatert 08.05.2025