Øv på forvekslingsord
Før du går vidare
Før du gjer desse oppgåvene, bør du ha jobba med artikkelen "Forvekslingsord".
Oppgåve 1. Øv på forvekslingsord
Del 1: Kva for eit ord viser bileta?
Gjer gjerne oppgåva munnleg saman med ein medelev.
Del 2: Finn rett ord
Oppgåve 2. Samanlikn med førstespråket
Del 1: Saman med medelev
Snakk med medeleven din om minst tre forvekslingsord frå førstespråket ditt som du kjenner til. Kva er det som gjer at desse orda er lette å forveksle? Etterpå fortel medeleven din deg om det same.
Skriv ned to døme kvar som de kan bruke til del 2 av oppgåva.
Del 2: Lag oversikt
Lag ei oversikt over forvekslingsord på ulike språk i klassen. Forklar på norsk for kvarandre kva som gjer at orda er lette å forveksle.
Del 3: Diskuter
Er det nokon liknande grunnar til at ord blir forveksla på førstespråket ditt og på norsk? Er det til dømes ganske lik skrivemåte, ganske lik uttale eller nokon bokstavar som er lette å forveksle?
Del 4: Lag gode råd
Lag nokre gode råd for kva de i klassen kan passe ekstra på for å unngå forveksling av ord. Ha råda synlege i klasserommet.
Relatert innhald
Lær om norske ord som lett kan forvekslast.