Leddsetningar om tid, nivå 2

Dette er del av ein læringssti om leddsetningar om tid. Gå til det første steget ved å lese fagartikkelen "Leddsetningar om tid, nivå 1".
Før du les
Desse fagomgrepa blir brukte og forklarte i teksten:
- Leddsetning
- Ei leddsetning er ei setning som ikkje kan stå åleine, til dømes fordi vi er sjuke. Vi kjenner igjen leddsetningar ved at dei startar med ein subjunksjon: at, når, fordi, då...
- Subjunksjon
- Subjunksjonar er småord som innleier leddsetningar. Døme på subjunksjonar er: fordi, at, om, som, då, når, dersom, viss, før, endå.
- Subjekt
- Eit subjekt er den som utfører ei handling i ei setning. I setninga Muhammed drikk vatn er "Muhammed" subjekt.
- Verbal
- Verbalet er setningsleddet som fortel kva som skjer i setninga. Verbalet er alltid eit verb. I setninga Muhammed drikk vatn er "drikk" verbalet.
- Objekt
- Eit objekt i ei setning er den eller det handlinga er retta mot. I setninga Muhammed drikk vatn er "vatn" objektet.
- Predikativ
- Predikativ er eit ord som beskriv kven eller kva subjektet/objektet er eller blir i ei setning. Det kjem alltid etter verb som er, blir, heiter, eller ser ut som. I setninga Han er sjuk er "sjuk" predikativ.
- Adverbial
- Eit adverbial seier noko om når noko skjer (på måndag), kvar noko skjer (i stua), eller korleis noko skjer (Ho spring fort).
Rekkefølge på ord i leddsetninga
Ein viktig del av det å lage leddsetningar er å setje orda i rett rekkefølge. No skal du lære korleis du skal skrive leddsetningar med fleire setningsledd. Vi begynner enkelt, så lagar vi lengre setningar etter kvart:
1. Subjekt – verbal – objekt
I leddsetningar med setningsledda subjekt, verbal og objekt skal rekkefølga vere slik:
Vi dreg på tur når vi får tid. I leddsetninga når vi får tid er "vi" subjekt, "får" verbal og "tid" objekt.
Han går mens eg tek bilen. I leddsetninga mens eg tek bilen er "eg" subjekt, "tek" verbal og "bilen" objekt.
2. Subjekt – verbal – objekt – adverbial
I leddsetningar med setningsledda subjekt, verbal, objekt og adverbial skal rekkefølga vere slik:
Vi går tur når vi får tid i dag. I leddsetninga når vi får tid i dag er "vi" subjekt, "får" verbal, "tid" objekt og "i dag" adverbial.
Han går mens eg tek bilen til jobb. I leddsetninga mens eg tek bilen til jobb er "eg" subjekt, "tek" verbal, "bilen" objekt og "til jobb" adverbial.
Gå vidare for å øve deg på å lage enkle leddsetningar om tid.
Relatert innhald
Øv deg på å lage enkle leddsetningar om tid.