Oppgåve
Interaktivt innhald
Øv på leddsetningar om tid, nivå 2
Lag leddsetningar om tid med subjekt, verbal, objekt og adverbial.
Oppgåve 1. Diskuter rekkefølge
Sit i par. Les setninga på kortet høgt. Orda i leddsetninga står i feil rekkefølge. Diskuter kva som er gale, og bruk fagomgrepa de lærte i fagartikkelen "Leddsetningar om tid, nivå 2":
subjunksjon
subjekt
verbal
objekt/predikativ
adverbial
Til dømes kan de seie noko slikt som: "I leddsetninga står verbalet på feil plass. Her står det etter objektet, men ..."
Oppgåve 2. Set orda i rett rekkefølge
Plasser setningsledda inn i dei rette boksane. Kvar knapp har ein boks med tips om typen setningsledd. Du skal alltid starte med subjunksjonen.
Oppgåve 3. Lag leddsetningar
Gå vidare i læringsstien for å lære å lage leddsetningar om tid med setningsadverbial og to verb.
Relatert innhald
Leddsetningar om tid, nivå 3
Lær deg å lage leddsetningar om tid med setningsadverbial og to verb.