Leddsetningar om tid, nivå 1

Dette er det første trinnet i ein læringssti om leddsetningar om tid.
Før du les
Desse fagomgrepa blir brukte og forklarte i teksten:
- Leddsetning
- Ei leddsetning er ei setning som ikkje kan stå åleine, til dømes "fordi vi er sjuke". Vi kjenner igjen leddsetningar ved at dei startar med ein subjunksjon: at, når, fordi, då ...
- Subjunksjon
- Subjunksjonar er småord som innleier leddsetningar. Døme på subjunksjonar er: fordi, at, om, som, då, når, dersom, viss, før, endå.
Å fortelje om tid
Ofte treng du å forklare når noko skjer. Sjå til dømes på desse setningane. Kva for ein del av setningane er det som gir informasjon om når, altså tid?
Når han kjem, går vi.
Vi hadde ein katt då eg var liten.
Mens vi trente, las ho ei bok.
Vi går på butikken før middag.
Etter at sola gjekk ned, blei det kaldt.
Det rette svaret er, at det er desse delane av setningane som fortel om tid:
Når han kjem ... (Når går vi?)
... då eg var liten (Når hadde du ein katt?)
Mens vi trente ... (Når las ho ei bok?)
... før middag (Når går vi på butikken?)
Etter at sola gjekk ned ... (Når blei det kaldt?)
Leddsetningar
Alle dei fem delane over kallar vi for leddsetningar. Det er fordi dei må stå saman med ei heilsetning for å gi meining.
Subjunksjonar
Vi kan kjenne igjen ei leddsetning fordi ho startar med ein subjunksjon. Når vi lagar leddsetningar om tid, bruker vi desse subjunksjonane:
når
då
mens
før
etter at
Når bruker vi når?

Framtid
Bruk når om ting som skal skje.
Eg skal ringe deg når eg kjem heim.
Notid
Bruk når om ting som skjer ofte.
Eg les avisa når eg et frukost.
Fortid (gjentekne hendingar):
Bruk når om ting som skjedde fleire gonger før.
Når han kom på besøk, var det alltid travelt.
Når bruker vi då?
Fortid (éi hending):
Bruk då om ting som skjedde éin gong før.
Då eg var på jobb i går, var det travelt.
Du skal òg bruke då om ei hending i fortid som varte ei stund:
Då eg budde i Oslo, studerte eg.
Forskjell på når og då
Bruk når for framtid, notid og fleire hendingar i fortid.
Bruk då for éi hending i fortid.
Ein god hugseregel er: Den gong då, kvar gong når.
Når bruker vi mens?
Subjunksjonen mens viser at to handlingar skjer samtidig. Vi kan bruke mens både om notid, fortid og framtid, så lenge handlingane skjer samtidig.
Eg et frukost mens eg ser på tv. (notid)
Eg høyrde på musikk mens eg tok bussen i går. (fortid)
Du kan slappe av mens eg lagar mat i kveld. (framtid)

Når bruker vi før?
Subjunksjonen før fortel at éi handling skjer før ei anna handling i tid. Du kan bruke før både om fortid, notid og framtid.
Eg vaskar hendene før eg et. (vane, noko "eg" alltid gjer)
Ho drakk kaffi før ho drog på jobb i går. (fortid)
Vi må kjøpe billettar før vi dreg til kinoen. (framtid)
Når bruker vi etter at?
Etter at viser at éi handling skjer etter ei anna. Det fortel oss kva som skjer først, og kva som skjer etterpå.
Vi gjekk på kino etter at vi hadde ete middag. (fortid)
Etter at vi har sett på tv, skal vi sove. (framtid)
Tenk over
Korleis fortel du om tid på førstespråket ditt?
Oppsummering
Subjunksjon | Bruk | Døme |
|---|---|---|
| Når | Framtid, notid, gjenteken fortid | Når han kjem, er det travelt. |
| Då | Ei hending i fortid | Då eg var liten, hadde eg ein katt. |
| Mens | To handlingar skjer samtidig | Eg et frukost mens eg ser på tv. |
| Før | Éi handling skjer før ei anna | Eg vaskar hendene før eg et. |
| Etter at | Éi handling skjer etter ei anna | Vi gjekk på kino etter at vi hadde ete middag. |
Gå vidare i læringsstien for å øve deg på å bruke subjunksjonane som innleier leddsetningar om tid.
Relatert innhald
Øv på å lage leddsetningar om tid på norsk.