Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Leddsetningar om tid, nivå 2

Korleis lagar du leddsetningar med når, , mens, før og etter at?

Dette er del av ein læringssti om leddsetningar om tid. Gå til det første steget ved å lese fagartikkelen "Leddsetningar om tid, nivå 1".

Før du les

Desse fagomgrepa blir brukte og forklarte i teksten:

Leddsetning
Ei leddsetning er ei setning som ikkje kan stå åleine, til dømes fordi vi er sjuke. Vi kjenner igjen leddsetningar ved at dei startar med ein subjunksjon: at, når, fordi, då...
Subjunksjon
Subjunksjonar er småord som innleier leddsetningar. Døme på subjunksjonar er: fordi, at, om, som, då, når, dersom, viss, før, endå.
Subjekt
Eit subjekt er den som utfører ei handling i ei setning. I setninga Muhammed drikk vatn er "Muhammed" subjekt.
Verbal
Verbalet er setningsleddet som fortel kva som skjer i setninga. Verbalet er alltid eit verb. I setninga Muhammed drikk vatn er "drikk" verbalet.
Objekt
Eit objekt i ei setning er den eller det handlinga er retta mot. I setninga Muhammed drikk vatn er "vatn" objektet.
Predikativ
Predikativ er eit ord som beskriv kven eller kva subjektet/objektet er eller blir i ei setning. Det kjem alltid etter verb som er, blir, heiter, eller ser ut som. I setninga Han er sjuk er "sjuk" predikativ.
Adverbial
Eit adverbial seier noko om når noko skjer (på måndag), kvar noko skjer (i stua), eller korleis noko skjer (Ho spring fort).

Rekkefølge på ord i leddsetninga

Ein viktig del av det å lage leddsetningar er å setje orda i rett rekkefølge. No skal du lære korleis du skal skrive setningar med fleire . Vi begynner enkelt, så lagar vi lengre setningar etter kvart:

1. Subjekt – verbal – objekt

I leddsetningar med setningsledda , og skal rekkefølga vere slik:

  • Vi dreg på tur når vi får tid. I leddsetninga når vi får tid er "vi" subjekt, "får" verbal og "tid" objekt.

  • Han går mens eg tek bilen. I leddsetninga mens eg tek bilen er "eg" subjekt, "tek" verbal og "bilen" objekt.

Kva med predikativ?

I desse leddsetningane er det ikkje eit objekt, men eit predikat:

  • Eg kjem ikkje fordi eg er sjuk. Leddsetninga er fordi eg er sjuk.

  • Han er på fest sidan han blir 30 år i dag. Leddsetninga er sidan han blir 30 år i dag.

I setningar med verba er, blir og heiter seier vi at setningsleddet som står saman med verbalet, er eit predikat fordi det gir meir informasjon om subjektet. Setningsledda "sjuk" og "30 år" er altså predikat, ikkje objekt.

Predikativ skal du plassere på same staden som objektet i ei leddsetning.

2. Subjekt – verbal – objekt – adverbial

I leddsetningar med setningsledda subjekt, verbal, objekt og skal rekkefølga vere slik:

  • Vi går tur når vi får tid i dag. I leddsetninga når vi får tid i dag er "vi" subjekt, "får" verbal, "tid" objekt og "i dag" adverbial.

  • Han går mens eg tek bilen til jobb. I leddsetninga mens eg tek bilen til jobb er "eg" subjekt, "tek" verbal, "bilen" objekt og "til jobb" adverbial.

Gå vidare for å øve deg på å lage enkle leddsetningar om tid.

Relatert innhald

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 03.02.2025