Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Øv på leddsetningar om årsak nivå 1

Oppgåve 1. Samanlikn med førstespråket ditt

  1. Finn leddsetningane i desse tre setningane:

    • Eg kjem ikkje fordi eg har eksamen i morgon.

    • Sidan vi tok bilen til skulen, måtte han gå til jobb.

    • Ettersom han er sjuk i dag, blir vi heime.

  2. Set om setningane – både heilsetningane og leddsetningane – til førstespråket ditt:

  3. Prøv å svare på desse spørsmåla ved å samanlikne førstespråket ditt og norsk:

    • Har førstespråket ditt leddsetningar om årsak, slikt norsk har?

    • Bruker førstespråket ditt subjunksjonar som "sidan", "ettersom" og "fordi"?

    • Viss førstespråket ditt har leddsetningar – i kva rekkefølge i setninga kjem subjunksjonen, subjektet, verbalet, objektet og adverbialet?


Oppgåve 2. Bruk leddsetningar munnleg

Sit i grupper. Fullfør setningane under munnleg:

  • Det beste eg veit er... sidan ...

  • Det faget eg liker best på skulen er... fordi ...

  • Eg liker ikkje... fordi ...

  • Eg synest norsk er... ettersom ...

  • Det er viktig å... sidan ...

Oppgåve 3. Finn rett leddsetning

Plasser leddsetninga saman med rett heilsetning:

Oppgåve 4. Skriv inn subjunksjon, subjekt og verbal

I setningane under står subjunksjon, subjekt og verbal over setninga. Skriv dei inn i rett rekkefølge i setninga under.

Oppgåve 5. Skriv inn orda i rett rekkefølge

I setningane under står subjekt, verbal, objekt/predikat og adverbial over setninga. Skriv dei inn i rett rekkefølge i setninga under:

Oppgåve 6. Skriv sjølv

No skal du prøve å lage eigne setningar. Under ser du starten på fem heilsetningar. Fyll ut med ei leddsetning om årsak. Start med subjunksjonen "fordi", "sidan" eller "ettersom". Prøv å lage setningar som har

  • subjekt

  • verbal

  • objekt/predikat

  • adverbial (eit setningsledd som seier noko om tid eller stad)

Døme:

Det står:

  • Den gamle mannen går sakte ...

Du skriv:

  • Den gamle mannen går sakte fordi han har svake bein i dag.

Setningar:

  • Eg kan ikkje komme på festen ...

  • Vi blir heime ...

  • Alle barna gler seg til helga ...

  • Jentene drikk mykje vatn ...

  • Vennene mine speler mykje dataspel ...

Når du er ferdig, kan du byte med ein annan elev i klassen og samanlikne. Gi kvarandre tilbakemelding på om de har klart å setje orda i rett rekkefølge.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 27.01.2025