Lag ordbok om kroppen
Kva skal du gjere?
Du skal lage ei ordbok om kva vi gjer med kroppen. Lenger nede i ressursen finn du orda du skal bruke i ordboka.
Kvifor skal eg gjere det?
Målet med denne oppgåva er å lære fleire ord, og då spesielt ord som betyr nesten det same. Veit du til dømes kva som er forskjellen på desse fire verba?
å spasere
å springe
å løpe
å spurte
Alle orda handlar om å bevege seg framover på beina, men det er noko forskjell på dei. Etter å ha jobba med denne oppgåva, skal du kunne fleire ord om kva vi gjer med kroppen.
Del 1: Verb om kroppen
Under ser du mange verb om kva vi gjer med kroppen.
Søk opp dei orda du er usikker på kva betyr i Lexin eller ei anna ordbok.
Skriv opp kva ordet betyr på førstespråket ditt.
Lag ei eksempelsetning med verbet på førstespråket ditt. Set så om til norsk.
Del 2: Mimeleik
Avslutt med ein mimeleik. Mimeleik er ein leik der du viser noko med kroppen utan å seie noko. Du skal late som du gjer noko, til dømes å svelge, reflektere eller sparke. Dei andre skal tippe kva for eit ord du mimar.
Del 3: Finn på eigne tema
Kva for tema vil de gjerne lære fleire ord om? Gå saman i grupper og foreslå 1–2 tema de kan lage ordbok om.