Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Lag di eiga ordbok

Den beste måten å lære språk på er å både snakke og skrive, men òg pugge. Å pugge vil seie å jobbe om og om igjen med ord – heilt til du hugsar kva dei betyr. Ein måte å pugge på er å lage seg ei ordbok med ord og frasar du vil lære deg.

Til lærar

Det kan vere lurt at elevane har jobba med oppgåvene i ressursen "Undersøk digitale ordbøker" før dei skal i gang med å lage sine eigne.

Oppgåvene under kan løysast på ulike måtar, både analogt og digitalt. Førebu gjerne kva for ord elevane skal jobbe med i del 2. Det kan vere ord dei plukkar ut sjølv frå ein tekst, ord dei har møtt i fag eller på jobb, eller rett og slett ord og uttrykk du som lærar vil at dei skal lære seg.

Det kan òg vere bra viss elevar som har eit felles språk, kan samarbeide om orda.

Oppgåve

Del 1: Sjå på andre ordbøker

I fagartikkelen "Bruk digitale ordbøker" kan du lære om ulike ordbøker. Undersøk korleis ord og omgrep er lagde inn i ordbøkene som det er skrive om i artikkelen. Kva slags informasjon finn du? Vel ord du lurer på, eller bruk nokre av desse: "novelle", "metafor", "refleksjon".

Diskuter gjerne med ein medelev:

  1. Kva får du vite om ordet eller omgrepet?

  2. Er det forklart godt?

  3. Finst det døme? Bilete?

  4. Kan du sjå ordet eller omgrepet på fleire språk?

  5. Kva hadde du ønskt deg av meir informasjon i ei ordbok?

Del 2: Lag eiga ordbok

Du skal nå lage di eiga liste med ord som du samlar til ei ordbok. Det er fleire måtar å lage ho og sortere orda på. Du vel kva som passar deg best. Du kan til dømes legge inn ord alfabetisk. Då får du ei ordbok som liknar dei offisielle ordbøkene, men du kan òg ord etter tema eller tekstar du jobbar med.

Bestem deg for korleis du vil lage listene:

  • Korleis vil du sortere orda – etter tema eller alfabetisk?

  • Kva for språk vil du bruke?

  • Vil du vise døme som tekst og/eller bilete?

Under kan du sjå eit døme på ei ordliste. Det er lagt inn ord på norsk og førstespråket til eleven, bilete som viser kva det er, og setningar der orda blir brukte.

Døme på ordliste

Ord /frase

Ukrainsk

Bilete

Forklaring/døme

Bord

стілEg pleier å ha blomstrar på bordet.

Lyn

блискавкаDet lyner før det kjem tore og regn.

Mann

чоловікEg er mann.

Å hoppe

стрибатиDu kan hoppe opp, eller du kan hoppe utfor noko. Guten hoppar i vatnet.

Å sove

спатиDet er best å sove i senga på natta.

Del 3: Ord og omgrep du møter i kvardagen

Når du skal øve no, begynner du med å skrive ned ord du møter på når du er på skulen eller i jobb. Bruk gjerne desse :

  1. fagspråk

  2. dialektord

  3. idiom (faste uttrykk du ikkje kan forstå bokstaveleg)

  4. andre ord eg vil lære

Døme på ordliste

Dette er ei tematisk ordliste som tek for seg ord du møter som lærling. Her er orda òg sett opp alfabetisk.

Ordliste fagspråk

Ord /frase

Arabisk

Forklaring på norsk

Døme

Tilsette

موظف: شخص يعمل بشركة.dei som jobbar på ein arbeidsplassDet er over tjue tilsette i bedrifta.

Bedrift

شركة: مكان للعملein arbeidsplassDet er mange som jobbar i denne bedrifta.

Lærling

المُتَدِّرب: شخص يقوم بالتَّدَرُّب على مهنة لدى إحدى الشركات. المتدرب يقوم بتَعَلُّم المهنة من خلال العمل فيها.ein person som har opplæring i ei bedrift, og som lærer yrket ved å jobbeVi er to lærlingar som jobbar her.

Yrkesgruppe

مجموعة مهنية: مجموعة من الأشخاص لديهم نفس التعليم الرسمي.menneske som har den same utdanningaTømrarar er i same yrkesgruppe.

Del 4: Pugg og lær ord!

No skal du jobbe med ei av ordlistene du har laga.

  1. Start med å lese gjennom og sjå på forklaring, bilete og så vidare.

  2. Lukk auga og forklar for deg sjølv kva dei ulike orda betyr. Du kan anten skrive det ned, eller du kan snakke inni deg (utan lyd).

  3. Gå saman i par og byt ordlister. Kor mange av orda eller omgrepa har de klart å lære dykk? Skift på å sjekke kva den andre hugsar Du kan seie at du kan eit ord når du klarer å forklare det slik at ein medelev forstår.

Relatert innhald

Skrive av Marthe Johanne Moe.
Sist oppdatert 19.06.2024