Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Bruk sansane dine for å lære ord

I denne oppgåva skal du utforske verda rundt deg med dei fem sansane dine. Målet er å lære nye ord.

Til læraren

Viss du har mange elevar som snakkar det same førstespråket, kan det vere lurt å lage grupper der desse sit saman. Om elevane dine ikkje har same førstespråket, gi dei instruksjonar om at det ikkje gjer noko at dei ikkje forstår kva dei seier til kvarandre. Bruk kroppsspråk!

Kva er sansar?

Ein sans er noko vi bruker for å forstå verda rundt oss. Vi har fem sansar:

  1. Syn: Vi bruker auga til å sjå med.

  2. Høyrsel: Vi bruker øyra til å høyre med.

  3. Lukt: Vi bruker nasen til å lukte med.

  4. Smak: Vi bruker munnen til å smake med.

  5. Kjensle: Vi bruker huda til å kjenne med (til dømes om noko er mjukt eller hardt).

Del 1: Bruk sansane til å oppdage nye ord på norsk

A. Bruk synssansen

  • Sit i par eller grupper. Forklar kva de ser rundt dykk på førstespråket dykkar. Det gjer ingenting om de ikkje har same førstespråk. Bruk kroppsspråk, peik og så vidare.

  • Prøv så å gjere det same på norsk.

  • Diskuter: Kva for ord mangla de då de skulle forklare kva de såg på norsk? Skriv ned ord de ønsker å lære dykk på norsk. Skriv dei på førstespråket dykkar.

  • Fordel orda på kvar gruppemedlem. Bruk Lexin eller ei anna ordbok for å finne ut kva orda de mangla, heiter på norsk.

  • Presenter orda for dei andre i gruppa.

  • Prøv nok ein gong å forklare kvarandre kva de ser rundt dykk. De skal snakke norsk. Hjelp kvarandre viss de har gløymt nokon av orda.

2. Bruk høyrselssansen

No skal de ikkje beskrive kva de ser, men kva de høyrer. Gå fram slik:

  • Alle sit først stilt i cirka to minutt.

  • Skriv ned det de høyrer rundt dykk. Skriv på førstespråket dykkar.

  • Snakk saman om kva de høyrde. Bruk førstespråket dykkar.

  • Fortel kvarandre kva de høyrde på norsk.

  • Kva for ord mangla de for å kunne forklare godt kva de høyrde? Skriv dei ned på førstespråket dykkar.

  • Fordel orda mellom dykk og finn ut kva dei heiter på norsk.

  • Presenter orda for kvarandre.

  • Fortel kvarandre kva de høyrde rundt dykk. Snakk norsk og hjelp kvarandre.

3. Bruk luktesansen

Gå fram på same måten som i dei førre oppgåvene. Er det vanskeleg å finne lukter? Gå ut av klasserommet, kanskje ut i skulegarden eller endå lengre? Det viktigaste er at de går saman, sidan de skal snakke med kvarandre. Bruk førstespråket dykkar først, så norsk.

Tips viss de forlèt klasserommet:

  • Ta med skrivesaker eller skriv på mobilen for å hugse kva for ord de manglar.

  • Ta bilete av det de lukta på.

  • Set dykk saman i grupper når de kjem tilbake til klasserommet og vis kvarandre bileta. Viss de synest det er vanskeleg å forklare kva dei ulike tinga lukta, kan de slå opp i ordboka når de er tilbake i klasserommet.

4. Bruk smakssansen

No skal de gå fram på same måten som i dei førre oppgåvene, men når de sit i klasserommet, er det kanskje ikkje så mykje de har lyst til å smake på? Gjer heller slik:

Alternativ 1. Et lunsjen saman

Sit i grupper eller par når de et lunsj. Beskriv nøye kva alt de et, smakar.

Alternativ 2. Forklar med bilete

Vis kvarandre bilete av ulik mat de liker og ikkje liker. Forklar korleis maten smakar.

5. Bruk berøringssansen

Gå fram på same måten som i dei førre oppgåvene. De kan anten vere i klasserommet eller gå ut. Ta på ting, forklar korleis det kjennest å ta på dei og forklar kvarandre. Bruk først førstespråket ditt, så norsk. Kva for ord manglar du og ønsker å lære? Skriv ned, oppdag og snakk på norsk igjen.

Del 2: Lag ordgalleri

Lag eit lite ordgalleri med bilete og beskrivingane dykkar. Heng det opp i klasserommet. Det kan til dømes vere bilete av ein stein med setningar som dette under:

Dette er ein stein. Han er rund. Når eg tek på han, kjenner eg at han er hard og glatt. Eg har ikkje smakt på han, men han luktar jord.

Kjelde

Thise, H. og Vilien, K. (2024). Broen til fagspråket. Cappelen Damm Akademisk.

Relatert innhald

Lær fleire verb ved å lese Lappjævel

Du vil lære om verb som beskriv kva du gjer med hjernen, auga og munnen ved å lese utdrag frå "Lappjævel" og mime. For deg som held på å lære norsk.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 03.03.2025