Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Å skrive om kjensler på fleire språk

Korleis er det for deg å skrive på norsk samanlikna med førstespråket ditt? Får du uttrykt dei kjenslene du ønsker? Det er ofte lettare å finne ord på førstespråket enn på norsk, ikkje minst når du skal skrive om kjensler. Her skal du både lese dikt og øve på å skrive sjølv.

Til læraren

I denne oppgåva bør elevane ha noko forkunnskap om det å skrive dikt. Jobb gjerne òg med nokre av ressursane om språklege verkemiddel før de startar på denne oppgåva. Heng dikta frå del 2 opp i klasserommet. Diktet til kvar elev skal vere skrive både på norsk og på førstespråket til eleven.

Del 1: Les to dikt av forfattarar med norsk som andrespråk

Jobb saman munnleg to og to.

  1. Les dikta "Folkebibliotek" av Haile Bizen og "Vi trodde lykken lå på den andre siden av grensen" av Selma M. Yonus høgt for kvarandre. Sjå godt på ordforklaringane.

  2. Dikta "Folkebibliotek" og "Vi trodde lykken lå på den andre siden av grensen" handlar begge om og . Snakk saman om korleis dette kjem fram i dikta. Vis til døme frå begge dikta.

Del 2: Skriv dikt på norsk og førstespråket ditt

  1. Skriv eit eige dikt. Skriv til dømes om noko eller nokon du er glad i. Vel sjølv om du skriv diktet på norsk eller på førstespråket ditt.

  2. Oversett diktet ditt til norsk eller førstespråket ditt, avhengig av kva språk du skreiv diktet på første gongen.

  3. Var det nokon ord som var vanskelegare å omsetje enn andre? Kva kan vere grunnen til det? Grunngi svaret ditt.

Del 3: Presenter diktet

  1. Framfør diktet ditt munnleg for klassen på norsk og på førstespråket ditt. Ha det gjerne synleg på storskjerm mens du les det.

  2. La elevane i klassen snakke saman to og to om kva dei trur er , og i diktet du har framført.

  3. Fortel om tema, bodskap og motiv i diktet ditt.

  4. Fortel om det var nokon av orda som var vanskelegare å omsetje enn andre. Vis med døme, og forklar kva som kan vere grunnen til dette.

Del 4: Samanfatt felles i klassen

  1. Korleis er det å gjennom dikt på førstespråket samanlikna med på norsk?

  2. Kva språk får de uttrykt kjenslene dykkar best på – norsk eller førstespråket? Kva trur de er grunnen til det?


Skrive av Elisabeth Lønning.
Sist oppdatert 09.05.2025