Modelltekst analyse av samansett tekst
Frisk frukt og natur
Reklamen frå Lerum er ein samansett tekst. Han har både bilete og verbaltekst. Målet med reklamen er å få folk til å kjøpe jusen.
På biletet ser vi ein kartong med eplejus i forgrunnen. I bakgrunnen ser vi den norske naturen, og han er typisk norsk, med fjordar og fjell. Fargane i biletet er friske og klare. Dette gir inntrykk av at jusen er sunn. Lerum bruker desse bileta for å få oss til å tenke på noko typisk norsk og sunt, og dette speler på kjenslene våre. Lerum bruker altså patosappell i biletet.
I verbalteksten under bruker Lerum mykje etos. Eit døme er når dei fortel om kor mykje erfaring dei har: "I generasjonar har Lerum…". Dei vil vise at dei har kunnskap og har laga jus i mange år, slik at vi stoler på dei. Mange liker å kjøpe produkt dei er vane med å sjå i butikken. Derfor styrker Lerum etosen sin her.
Lerum bruker òg verdiladde ord i reklamen. Det står at jusen er "frisk", laga av den "finaste" frukta og er "den aller beste". Desse orda skaper positive kjensler for eplejusen frå Lerum. Slike verdiladde ord er typiske for patosappellen.
Denne reklamen bruker altså nturen og erfaringa til produsenten for å selje produktet. Lerum bruker både patos i biletet og etos i teksten for å overtyde oss om at jusen er sunn og god.