Kjeldemateriale
Spelefilm
Video
Stockholm
Stockholm er ein spelefilm frå 2018 med Ethan Hawke og Noomi Rapace i hovudrollene. Filmen handlar om dei dramatiske hendingane som er opphavet til nemninga stockholmsyndromet.
Om filmen
23. august 1973 blir den største banken i Sverige, Kreditbanken, forsøkt rana. Ranaren tek gissel, og dramaet går føre seg over fleire dagar.
Det eine gisselet, Bianca, får etter kvart varme kjensler for kidnapparen.
Filmen er regissert av den kanadiske filmskaparen Robert Budreau.
Stockholmsyndromet
Etter det svenske gisseldramaet har stockholmsyndromet vorte brukt som nemning på offer som får sympati med personen som har kidnappa dei.
Relatert innhald
Stockholm – oppgåver til filmen
Filmen Stockholm viser sikringstiltak som er i funksjon mens politiet prøver å få kontroll over ein gisselsituasjon. Her finn du oppgåver til filmen.