Welcome to Leith - NDLA film - NDLA

Hopp til innhald
Dokumentarfilm

Welcome to Leith

Kva skjer med det bitte litle lokalsamfunnet Leith når ei gruppe ekstreme nynazistar bankar på døra og ønskjer å busetje seg der?

Handling

Filmen handlar om Leith, ein liten og trygg stad i Nord Dakota, med berre 24 innbyggjarar. Høgre-ekstremisten Craig Cobb begynner å kjøpe opp tomter i området. Cobb tilhøyrer ei ekstremistisk, kvit makt-rørsle som er kjend for å vere svært valdeleg.

Cobb flyttar så til Leith med planer om å gjere staden om til ein kvit, nasjonalistisk by. Han oppfordrar også andre rasistiske nasjonalistar til å flytte. Om nok folk flyttar, er planen at ekstremistane kan overta den politiske makta på den litle – og ein gong så rolege – staden.

Nærværet til nynazistane truar no både freden og lokalbefolkninga i Leith.

Filmprisar

Filmen har vunne ei rekkje prisar på filmfestivalar verda over – blant anna prisen for beste dokumentar ved East End Filmfestival UK, Grand jury prize ved Independent Film Festival Boston og Special jury award ved Florida Film Festival.

Skrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019