Tusen ganger god natt - NDLA film - NDLA

Hopp til innhald
Spillefilm

Tusen ganger god natt

Fotografen Rebecca reiser til krigssoner og dokumenterer det som elles ville vore skjult for resten av verda. Etter at ho overlever ein bombeeksplosjon i Afghanistan, bestemmer ho seg for å prioritere familielivet. Erik Poppes film var ein stor kinosuksess i Noreg og har vunne mange filmprisar.

Om filmen

I byrjinga av filmen er vi i Kabul. Vi ser korleis Rebecca fotograferer ei kvinne som førebur seg til å bli sjølvmordsbombar. Kvinna utløyser bomba i ei gate full av menneske. Rebecca endar opp med å bli hardt skada.

Etter ulykka dreg ho heim til mannen Marcus og dei to døtrene sine i Irland. Ho prøver no å arbeide med trauma etter eksplosjonen, få ekteskapet på rett kjøl og vere saman med dei to døtrene sine. Det er vanskeleg og utfordrande å vere krigsfotograf ute i felten. Rebeccas jobb har òg kosta familien hennar mykje.

Filmen sitt dilemma

Filmen viser kor viktig det er at journalistar og fotografar er til stades i konfliktområde for å dokumentere overgrep og krigshandlingar.

Han reiser òg spørsmål rundt kva det er som gjer at somme menneske er villige til å ofre livet sitt på jobb, og på kva måte dette påverkar familien som ventar heime.

Kinosuksess

Tusen ganger god natt blei sett av over 100 000 då han gjekk på kino i Noreg.

Filmen er regissert av Erik Poppe. Han er òg kjend for filmane (som ofte blir omtalte som Oslo-trilogien) Schpaaa, Hawaii-Oslo, deUSYNLIGE, og filmane Kongens nei og Utøya 22.juli.

Skrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 13.10.2021