Sannhetens mange ansikter - NDLA film - NDLA

Hopp til innhald
Dokumentarfilm

Sannhetens mange ansikter

For over 20 år sidan blei Rwanda ramma av eit av dei mest grufulle folkemorda verda har sett etter andre verdskrigen. Meir enn 800 000 menneske blei drepne i løpet av 100 dagar.

Om filmen

Norske Erik Møse er hovuddommar i FNs internasjonale straffedomstol for Rwanda (ICTR). Møse er internasjonalt høgt respektert og anerkjent. Han har i fleire år arbeidd med skyldspørsmål etter massakrane i 1994.

Dei siste åra har det blitt innkalla vitne i stor mon – det finst få bevis – så domstolen må basere seg på vitneutsegn.

Beate Arnestads dokumentarfilm Sannhetens mange ansikter tek opp ICTRs og Møses arbeid. Ho var ein av dei aller første uavhengige filmskaparane som fekk tilgang til rettssalen i Arusha (Tanzania).

Skrive av Ingrid Dokka og Norsk filminstitutt. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 27.08.2020