Hopp til innhald
Nynorsk
Kjeldemateriale
Dokumentarfilm
Video

Antisemittismens Historie

Kva er antisemittisme, og kvifor har negative førestillingar om jødar og jødedommen så lange historiske røter i Europa? Denne filmen skildrar jødehat gjennom historia og fram til dagens situasjon, der vi ser ei oppblomstring av nynazistiske haldningar.

Om filmen

Antisemittismens Historie er ein kort dokumentarfilm på sju minutt som gir ei kjapp innføring i den lange og samansette jødehathistoria. Gjennom arkivmateriale, historiske framstillingar og forteljarstemma blir vi førte frå 1200-talet og mellomalderen til moderne tid.

Filmen viser korleis jødar gjennom hundreår har blitt utsette for diskriminering og forfølging, ofte basert på mytar og teoriar snarare enn fakta.

Filmens tematikk

Hovudbodskapen i filmen er korleis antisemittismen oppstod, endra form og tilpassa seg ulike historiske periodar. Filmen forklarer overgangen frå religiøst grunngitt jødehat til korleis det vart berebjelken i nazismen. Samtidig peikar han på nyare tid, som konflikten mellom Israel og Palestina.

Korleis filmen eignar seg i skulen

Filmen eignar seg godt i vidaregåande skule fordi han på kort tid gir eit oversiktleg bilete over historiske linjer samtidig som han knyter fortida til notida. Han viser korleis haldningar kan få konsekvensar over tid og gir eit godt grunnlag for refleksjon rundt fordommar, minoritetar og diskriminering.

Skrive av Anne Cathrine Andersson og Helene Retzius. Rettshavar: Norgesfilm AS.
Sist oppdatert 21.06.2019