Oppgave
Undersøk ein haldningskampanje
I denne undervisningsfilmen undersøkjer skuleelevane Hilde og Tarjei ein filmserie som er ein del av ein haldningskampanje i regi av Blindeforbundet. I byrjinga av undervisningsvideoen får du sjå ein av desse filmane.
Du kan sjå fleire på YouTube, blant anna denne: Blind i arbeid.
- Kva problemstilling er det Blindeforbundet ønskjer å ta tak i i denne haldningskampanjen?
- Kva planlagd kommunikasjon ligg bak formidlinga av historia i dei små filmsnuttane som inngår i kampanjen?
- Kva haldningar skal endrast?
- Kva verkemiddel blir brukte for å endre haldningar?
- Kva utfordringar ser reklamebyrået Try ved det å endre haldningane til folk?
- Kva meiner Try skal til for å lykkast med ein haldningskampanje?