Animasjonsfilm - Medie- og informasjonskunnskap 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Animasjonsfilm

Animasjonsfilm er ei samlenemning for ulike filmteknikkar der filmskaparen skapar illusjon av rørsle gjennom å manipulere motivet ved hjelp av enkeltbiletteknikk.

Levande bilete

Dei første animasjonsfilmane var teikne- eller dokkefilmar, men i dag er det mest vanleg å bruke dataskapte figurar og miljø.

All film skapar eit inntrykk av rørsle ved å vise stillbilete i rask rekkjefølje. Mens vanleg film har ei opptaksfart på 24 bilete i sekundet, brukar dei som lagar animasjonsfilm normalt mykje lengre tid per bilete.

Den franske vitskapsmannen Charles-Émile Reynaud blir rekna som den første som viste noko som kan minne om animasjonsfilm. I 1877 oppfant Reynaud det såkalla praxinoskopet. Dette var ei innretning forma som ein roterande trommel med ei rekkje speglar rundt senteret på trommelen. Desse speglane reflekterte bilete på innsida av trommelen, og bileta kunne forstørrast ved hjelp av optikk.

Reynaud utvikla praxinoskopet mellom anna slik at det blei mogleg å byte ut bileta, og han blei i stand til å arrangere den første offisielle visinga i verda av animasjonsfilm i 1892. Nokre år etterpå kom likevel brørne Lumière med kinematografen, og Reynaud si oppfinning blei raskt utkonkurrert. Prinsippet for å vise film, dvs. å vise stillbilete i rask rekkjefølgje, har likevel vore det same sidan den gongen.

Teikna animasjon

Teikna animasjon er på mange måtar den klassiske animasjonsfilmen. Bakgrunnen og figurane blei teikna og overførte til gjennomsiktige ark, som så blei plasserte lagvis og avfotograferte på eit animasjonsbord. Dette er ein svært arbeidskrevjande prosess, og i dag er det svært få som nyttar slike teknikkar for å lage lengre animasjonsfilmar.

Toril Kove sin kortfilm Min bestemor strøk kongens skjorter er ein ny film som nyttar denne teknikken. Filmen blei laga i 1999 og nominert til Oscar. I byrjinga av filmen ser vi eit verkemiddel som kjenneteiknar mange teikna animasjonsfilmar, nemleg framstillingar som er svært valdelege. I klippet ser vi ein konge som blir halshoggen, men fordi det heile er teikna i ein naiv stil, er det neppe nokon som blir støytte av det.

I dag er teikneprosessen i stor grad digitalisert, anten ved at handteikna originalar blir skanna inn, eller ved at det blir teikna direkte på datamaskina. Fargelegging skjer i dag nesten berre ved hjelp av dataverktøy.

Stop-motion

Såkalla stop-motion eller piksilasjon er ein animasjonsteknikk der ein flyttar på ting og avfotograferer dei bilete for bilete. Denne teknikken blir særleg brukt i animasjon av figurar. Teknikken kan også brukast i kombinasjon med teikna figurar. Det var denne teknikken som Lasse Gjertsen brukte då han laga videoen "Hyperactive", som vart ein kjempehit på YouTube. Eigenleg er dette ein blandingsteknikk, sidan videoen ikkje er sett saman av stillbilete, men av ei lang rekkje korte videoklipp.

Dataanimasjon

Ved hjelp av datamaskiner blir det laga to- eller tredimensjonale modellar av karakterar, objekt og omgivnader, som blir manipulerte på ulike måtar. Figurane som blir animerte, kan styrast ved teknikkar som minner om stop-motion, dvs. på datamaskina avgjer filmskaparen korleis karakterane og "kameraet" skal røre seg, og programvara reknar deretter ut korleis dei einskilde bileta blir. Ein slik teknikk blei brukt på den norske storsatsinga Slipp Jimmy fri. Med denne teknikken er det vanskeleg å få rørslene til å flyte like godt som ved levande bilete.

Ein annan teknikk er såkalla motion-capturing, der skodespelarar har på seg drakter som registrerer rørslene deira. Dette blir mata inn i datamaskina, som så brukar data for å gi att rørslene i form av ein animasjon.

Sjå korleis nokre av desse teknikkane blei brukte i filmen "Avatar".

Animasjon og spesialeffektar

Eit av dei aller første døma på korleis animasjon blei brukt for å skape spesialeffektar, er Georges Méliès sin kortfilm "Reisa til månen" (Le Voyage dans la lune) frå 1902. Eit anna klassisk døme er King Kong frå 1933 , der mange av scenane med kjempegorillaen er utførte som dokkefilm. Dei mest kjente norske dokkefilmene er laga av Ivo Caprion.

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Analyser filmen Sinna mann

I denne oppgåva skal du sjå nærare på karakterutvikling og bruk av visuelle og auditive virkemiddel i teiknefilmen Sinna mann.

Kjeldemateriale
Den danske dikteren

Den danske dikteren av Torill Kove vann Oscar for beste animerte kortfilm i 2007.

Skrive av Jon Hoem. Rettshavar: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 19.01.2018