Oppgave
Vurder rappen Brotsmannskvad
Skriv ei melding der du legg vekt på sjanger og i kva grad videoen kommuniserer med målgruppa.
Mange elevar i vidaregåande skule synest det er både vanskeleg og keisamt å lære nynorsk. Derfor fekk elevar på vg3 på Elvebakken vidaregåande skule i oppgåve å lage ein annleis nynorsk grammatikk. Ole Haug Sundfør, Adrian Aam Refsnes, Boye Anderson Stokke, Mikael Dybedahl, Ole Christian Beil og Erlend Klette valde å lage ein gangsterrapvideo om nynorsk grammatikk, som dei har kalla Brotsmannskvad.
Sjå videoen her: Brotsmannskvad (YouTube.com)
- Kva kjenneteiknar sjangeren gangsterrap?
- Kven er målgruppa, og kva ønskjer dei å oppnå med denne produksjonen?
- Skriv ei melding om denne elevproduksjonen, der du legg vekt på om videoen oppfyller krava til sjangeren, kommuniserer med målgruppa, og i kva grad elevane oppnår det dei har sagt at dei ønskjer å oppnå med videoen.