Podkast - Medie- og informasjonskunnskap 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Podkast

Vi har vorte storforbrukarar av media og har i dag mange format og kanalar for underhaldning og læring. Podkast er eit slikt format. Podkast tar element frå radio, men er ofte meir tematisk fokusert, har variabel lengde og blir gjort tilgjengeleg for gratis nedlasting, som oftast utan musikk.

Podkast

Podkast er redigerte lydprogram som blir distribuerte på internett. Podkasting blir kjenneteikna ved at lyttaren kan abonnere på og laste ned programma til smarttelefon, nettbrett eller liknande, for å lytte til dei når det passar. Podkastteknologien kan også innebere videofiler, men i daglegtale bruker vi podkast nesten berre om lyd.

Podkastteknologien blei utvikla rundt starten av 2000-talet, men det var etter at Apple lanserte podkast-applikasjonen sin for iPhone og iPad i 2012 at podkasten fekk den brukarvennlege og saumlause distribusjonsforma han har i dag. Gjennombrotet til podkastformatet kom med true crime-serien «Serial», som vart lansert av den amerikanske radiokanalen NPR i 2014.

For kringkastarar, som til dømes NRK og P4, har podkast blitt ein ny distribusjonskanal for radioprogram. Samstundes har dei låge produksjons- og distribusjonskostnadene opna for at mange mediehus, utdanningsinstitusjonar, produksjonsselskap og mediepersonlegdomar, som tradisjonelt ikkje har produsert radio, har starta eigne podkastar.

Ulike sjangrar

Podkastar kjem i mange sjangrar og handlar om ulike typar stoff. Det kan vere produksjonar med fleire kjelder og krevjande redigering, som dokumentar- og krimseriar, eller grundige portrettintervju. Ein podkast kan også vere meir eller mindre budde studiosamtaler og intervju, eller opptak av førelesingar eller føredrag. Podkastar kan også innehalde mykje forskjellig stoff, til dømes nyheiter, kultur, politikk, sport, næringsliv, psykisk helse eller vitskap.

I motsetning til lineære radioprogram som blir sende på vanleg radio, må ikkje podkastar tilpassast fastlagte sendetider. Det opnar for at podkastar kan vie meir tid og merksemd til nisjetema enn det som er vanleg i tradisjonelle medium. Podkasten har også oftare ein meir uformell tone enn tradisjonelle radio- og TV-program. Desse uformelle trekka deler podkasten med andre internettbaserte medium, som blogg og videoblogg (vlogg). Som i blogg og livsstilsmagasin kan skiljet mellom redaksjonelt stoff og innhaldsmarknadsføring vere glidande.

Krim- og dokumentarsjangrane har vist seg å passe særleg godt i serieformatet som podkasten tilbyr, og dei har bidratt sterkt til gjennombrotet til podkasten. Studiosamtalen, portrettintervjuet og den terapeutiske samtalen er også sjangrar som har eigna seg godt i podkastformat. Her har ein moglegheit til å bruke lengre tid enn i tradisjonelle radioformat, og ein kan skape intimitet på ein annan måte enn i tradisjonell radio. Podkastar som kommenterer samfunn og politikk har i tillegg skapt ein ny arena for politisk diskusjon og kommentarar.

Bruk av podkast

Ifølgje Apple vart det i 2018 produsert meir enn 550.000 forskjellige podkastar på hundre ulike språk, verda over. Podkastlyttinga aukar altså, men framleis er podkast eit relativt lite medium samanlikna med TV, radio og tekst.

I 2017 rapporterte sju av ti nordmenn at dei hadde høyrt om podkast, og 14 prosent hadde lytta til podkast minst éin gong i veka. Aldersgruppa 15–44 år lyttar mest, og tala viser også at dei med høgt utdanningsnivå lyttar oftare til podkast.


Reuters Institute kartla podkastlyttinga i 22 land i sin Digital News Report 2018, som viser at podkast blir stadig meir populært verda over. På spørsmål om dei hadde lytta til podkast den siste månaden, svarte flest respondentar ja i Sør-Korea (58 prosent), Hong Kong (55 prosent) og Spania (40 prosent). Dei som lytta minst blant landa i undersøkinga, var Nederland (18 prosent), Storbritannia (18 prosent), Belgia (20 prosent) og Tyskland (22 prosent). Dette er land der radio som allmennkringkasting står særleg sterkt. For Noreg var talet 31 prosent, som var litt under gjennomsnittet på 34 prosent.

Aukinga i podkastlyttinga i andre halvdel av 2010-talet blir skildra av mange som ein podkastrevolusjon. Noko av forklaringa er overgangen frå såkalla web 1.0, der massekommunikasjonen var kjenneteikna av ein éin-til-mange-kommunikasjon. I dag snakkar vi om eit skifte til web 2.0, der ein ser framveksten av mindre produksjonar og amatørproduksjonar med ein meir open struktur. Særlege døme på innhaldsprodusentar i denne kommunikasjonsforma er bloggarar og YouTube-brukarar. Podkasten er ein tilsvarande kommunikasjonsteknologi. Dette viser seg særleg der programma skaper ei tettare kopling til lyttarskarane sine gjennom ein meir autentisk presentasjon av seg sjølv og ei meir intim tilknyting til lyttarane.

Teksten er eit samandrag av artikkelen Podkast på Store norske leksikon av Fjellro, Ragnhild. (2018).

Skrive av Ragnhild Fjellro. Rettshavar: Store Norske Leksikon
Sist fagleg oppdatert 31.05.2019