Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Sjangrar og format i sosiale medium

Kva er typiske sjangertrekk for medieuttrykk i sosiale medium? Vi ser på døme frå personleg kommunikasjon, nyheiter og marknadskommunikasjon.

Kva er eit sosialt medium?

Store norske leksikon forklarer omgrepet sosiale medium slik: "Sosiale medier er nettsider og apper som tilrettelegger for å skape og dele innhold, og å delta i sosiale nettverk" (Enli & Aalen, 2023).

Vanlege sosiale medium i Noreg er X (tidlegare Twitter), Facebook, Instagram, Snapchat, YouTube og TikTok. Nokre bruker òg WhatsApp og Telegram.

Sosiale medium er kanalar for både privat og offentleg kommunikasjon. Dei hjelper deg med å halde kontakten med vennene dine, men dei blir òg brukte som nyheits- og informasjonskanalar, i og som arena i .

Ein flyktig straum av innhald

Sosiale medium er flyktige på den måten at neste gong du opnar "feeden" din, let algoritmane deg sjå eit nytt innhald.

Det styrer måten vi forheld oss til innhaldet på. Vi skrollar oss nedover (eller bortover) til vi finn noko som interesser oss. Denne lesemåten påverkar sjangrar og format i sosiale medium.

Hugs

Sosiale medium er ikkje flyktige på den måten at ting blir borte. Du må alltid vere klar til å ta konsekvensen av det du ein gong i tida har publisert der.

Format og verkemiddel i sosiale medium

Eit format er den tekniske spesifikasjonen eit medieuttrykk må ha for å kunne bli publisert og distribuert via eit bestemt medium eller ein bestemd kanal. Sosiale medium skil seg ut ved at innhaldet ofte blir vist i høgdeformat, eit format som er tilpassa innhaldsproduksjon og formidling via mobiltelefonar. Men det går òg an å velje eit breiddeformat på stillbilete og videoar.

Korte og krasse formuleringar

Sidan innhaldet i sosiale medium ofte blir presenterte i ein løpande feed, er kampen om merksemda til brukarane ekstra stor. Lengre tekstar fungerer derfor dårleg. Det er viktig å uttrykke seg kortfatta og slagkraftig eller å bruke titlar som pirrar nysgjerrigheita og genererer klikk.

Sidan sosiale medium fungerer både som kanalar for privat og offentleg kommunikasjon, er tonen i skriftlege meldingar ofte meir uhøgtideleg, personleg og krass enn det som er vanleg i andre medium.

Bilete og videoar som blikkfang

Stillbilete er viktige blikkfang når dei blir publiserte saman med skriftlege tekstar. Ofte er det biletet som primært formidlar bodskapen, og det blir følgt av ein kort kommentar. I fleire sosiale medium kan du legge inn ein serie bilete og videosnuttar som fungerer som ei rein biletforteljing.

Brukarane skrollar raskt mellom ulike innhaldskomponentar. Derfor må videoane helst vere korte, underhaldande og fange merksemda raskt. Slike små videosnuttar blir kalla "reels". I fleire sosiale medium er det òg mogleg å videoopptak i sanntid.

Emojiar og emneknaggar varetek det sosiale

Emojiar er viktige innhaldskomponentar som varetek behovet for meiningsutveksling, deling og i sosiale medium. Emojiar er visuelle teikn som uttrykker ei kjensle ei handling eller ein gjenstand. Bruk av emneknaggar (#) varetek òg desse behova.

Sjangrar i sosiale medium

Ein sjanger er ein tekst som bygger på ein , altså ei forventning vi har til ein bestemd teksttype fordi var har lese eller sett slike tekstar mange gonger før. Tekstar i sosiale medium har mange sjangertrekk til felles med tilsvarande sjangrar i andre medium, men òg nokre særtrekk.

Personlege sjangrar

Digitale dagbøker er eit omgrep som ofte blir brukt om personlege historier i sosiale medium. Slike rapportar blir gjerne publiserte som ein kombinasjon av skriftleg tekst og stillbilete eller som reine biletforteljingar. Sjangermessig har dei digitale dagbøkene mange likskapstrekk med gamledagars dagbøker der forfattaren beskriv viktige hendingar og gir uttrykk for tankar og kjensler.

Videobloggen (vlogg) er ein relativt ny sjanger. Han har mykje felles med , som òg er ein personleg nettekst i eg-form, sjølv om bloggar i dag òg blir nytta av profesjonelle formidlarar. Bloggarar er gjerne opptekne av eit spesielt tema. I motsetning til ein vanleg blogg blir bodskapen i ein vlogg formidla ved hjelp av levande bilete.

Kommentaren er ein subjektiv tekst der sendaren gir uttrykk for eigne meiningar om noko som andre har publisert, eller ei aktuell hending. Kommentarar i sosiale medium er ofte krassare og meir direkte formulerte enn kommentarar i ei papiravis sidan dei kanskje ikkje er like gjennomtenkte og ikkje underlagde redaksjonell kontroll. Ein kommentar kan òg berre vere eit hjarte eller eit tommel-opp-symbol.

Underhaldningssjangrar

Ein komedie er ein sjanger som har som formål å få folk til å le. Mange reels-videoar i sosiale medium kan karakteriserast som komediar eller slapstick – ein filmsjanger med grov og laussleppt fysisk humor.

Mem ("memes") er medieuttrykk som blir skapt gjennom kopiering og vidareutvikla av stadig nye sendarar. Mem består ofte av bilete og korte tekstar som blir gitt ei ny betydning, ofte med eit humoristisk eller ironisk tilsnitt.

Virale utfordringar er digitale tekstar som utfordrar mottakarane til å utføre spesielle handlingar. Sjangeren er svært populær på TikTok og Instagram og appellerer spesielt til unge.

Digitale spel er interaktive opplevingar der spelarane interagerer med kvarandre i eit virtuelt univers. Spel i sosiale medium har mykje til felles med andre typar dataspel, men inngår i ein sosial setting som òg kan innehalde andre typar innhald, til dømes reklame.

Nyheitssjangrar

Mange sosiale medium inneheld nyheitsfeed frå redaksjonsstyrte medium. Her blir kjende nyheitssjangrar tilbodne som nyheitsartiklar og reportasjar. Titlane er ofte utforma med tanke på å generere klikk frå brukarar i sosiale medium. I 2024 var sosiale medium er den viktigaste nyheitskanalen for unge i alderen 9–18 år.

Nyheiter i sosiale medium blir òg produserte av aktørar som ikkje er bundne av dei krava som blir stilte til uavhengig journalistikk. Bloggarar, influensarar, politiske aktørar og statlege styresmakter kan produserer nyheiter i tråd med eigne oppfatningar og interesser. Derfor er det spesielt viktig å vere kjeldekritisk når du les nyheiter i sosiale medium.

Ein spesiell nyheitssjanger i sosiale medium er augnevitneskildringar der enkelpersonar som er på staden, publiserer bilete, videoopptak eller direkte videostrøyming frå ei aktuell hending. Slike forteljingar kan verke meir enn hendingar som blir formidla av ein journalist. Men hugs at dette er det ein enkeltperson opplever det som skjer, og at slike skildringar ikkje alltid tek etiske omsyn .

Tenk over

Du og kompisane dine er innblanda i ei alvorleg bilulykke. Fleire personar kjem springande. Nokon ringer 113. Andre er opptekne av å filme det som skjer, og av å publisere videoane i sosiale medium.

Korleis ville du ha reagert i ein slik situasjon?

Undervisnings- og informasjonssjangrar

Som elev har du sikkert mange gonger brukt undervisningsvideoar på YouTube og Vimeo. Her kan du lære alt frå korleis du skiftar pose i støvsugaren til bakgrunnen for andre verdskrigen. Andre sjangrar som du sikkert kjenner frå skulen, er forelesningar (til dømes TED Talks) og interaktive testar.

Både offentlege, ideelle og kommersielle organisasjonar bruker sosiale medium til å formidle informasjon til borgarar, medlemmer, kundar og brukarar av diverse tenester. Døme på slike informasjonstekstar finn du på Facebook-sidene til Noregs Bank, Redd Barna og Orkla Foods Norge. Informasjon blir formidla gjennom fagartiklar, intervju og nyheitsartiklar.

Tenk over

Studer desse kontoane i sosial medium:

Korleis presenterer eit offentleg organ som Medietilsynet seg i sosiale medium? Kva sjangrar, format og verkemiddel bruker dei?

Trur du mange unge vil vere freista til å følge dei i sosiale medium? Grunngi svaret.

Kva kan grunnen vere til at Medietilsynet ikkje er på TikTok?

Marknadskommunikasjon

Betalt marknadskommunikasjon genererer store inntekter til dei som eig dei digitale plattformene. Sosiale medium inneheld derfor mykje reklame. Reklame er ein sjanger som har som formål å selje eit produkt eller ei teneste. Algoritmane i sosiale medium skreddarsyr det innhaldet du ser, i tråd med det dei veit om kva nettopp du liker. Reklameoppslaga blir ofte kopla til kjøp frå nettbutikkar.

Mange bedrifter bruker kjende personar med mange følgarar (influensarar) til å fremme bodskapen sin. Influensarar nyttar humor, personlege anekdotar og intime avsløringar frå eigne liv som verkemiddel når dei reklamerer for ei vare eller sel seg sjølv som førebilete og påverkar. Det gir bodskapen større truverd.

Debatt og appell

Sosiale medium er ein viktig arena for debatt og meiningsutveksling. Alle politiske parti har eigne kontoar i sosiale medium. I meiningsmålingar hausten 2024 sa 41,3 prosent av dei unge mennene som vart spurde, at dei ville stemme på FrP (& Dale Sørensen, 2024). Mange meinte årsaka var den enorme populariteten ungdomspolitikaren Simen Velle (FpU) hadde opparbeidd seg på TikTok.

Ein annan sjanger for meiningsutveksling og appell er digitale protesttog. Mange går i fysiske protesttog med plakatar og banner. Men like vanleg er det å slutte seg til markeringar i sosiale medium gjennom å like og dele opprop, la profilbiletet gå i svart på Facebook eller bruke spesielle emneknaggar. Døme på effektiv "emneknaggaktivisme" på Facebook og X er emnekaggar som #BlackLivesMatter og #Metoo.

Kjelder

Dale, K. & Sørensen, F. (2024, 13. desember). Stor undersøkelse: Så høyrevridde er norske gutter. TV 2. https://www.tv2.no/nyheter/innenriks/sa-hoyrevridde-er-norske-gutter/17243315/

Emneknaggaktivisme. (2025, 1. januar). I Wikipedia. https://no.wikipedia.org/w/index.php?title=Emneknaggaktivisme&oldid=24882711

Enli, G. & Aalen, I. (2023, 6. februar). Sosiale medier. I Store norske leksikon. https://snl.no/.versionview/2846542

Medietilsynet. (2024, 27. november). Ny undersøkelse fra Medietilsynet: Sosiale medier er nyhetskilden barn og unge bruker oftest. https://www.medietilsynet.no/nyheter/aktuelt/ny-undersokelse-fra-medietilsynet-sosiale-medier-er-nyhetskilden-barn-og-unge-bruker-oftest/

Undrum, L. V. M. (2022). Kritisk tilnærming til tekster i sosiale medier: En studie av influenseres tekster på Instagram og unges utfordringer i møte med dem. Acta Didactica Norden 16(2), Artikkel 9. https://doi.org/10.5617/adno.8990

University of Sussex. (2024, september). Is digital activism effective? https://study-online.sussex.ac.uk/news-and-events/social-media-and-campaigning-is-digital-activism-effective/

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist oppdatert 29.01.2025