Eigenvurdering i emnet mediesjangrar - Medie- og informasjonskunnskap 1 - NDLA

Hopp til innhald
Egenvurdering

Eigenvurdering i emnet mediesjangrar

Kva kan du om ulike sjangrar innan journalistikk, film og underhaldning og om forskjellen på fakta og fiksjon?

Læringsmål

Når du har jobba med dette emnet, bør du

  • vite kva ein sjanger og eit format er, og kunne kjenne igjen ulike mediesjangrar og medieformat

  • kjenne til nokre vanlege sjangrar innan journalistikk og underhaldning og kunne bruke kunnskapen om desse sjangrane i eigen medieproduksjon

  • kunne forklare forskjellen på fakta og fiksjon og kunne skilje faktabaserte ytringar frå andre typar ytringar

  • forstå kvifor det er viktig med tydelege skilje mellom journalistikk, informasjonsverksemd og reklame

  • kunne reflektere over samanhengen mellom form og innhald i ulike typar medieforteljingar

Viktige omgrep i emnet mediesjangrar

Her er ei oversikt over nokre viktige omgrep som du bør kunne:

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 03.11.2022