Samla mengde
Oppgåve 1
Ein fabrikk produserer no 500 einingar per månad av ei vare. Bedrifta vil satse på ein ny marknad og reknar med at produksjonen vil auke med 2 prosent per månad dei to kommande åra.
a) Set opp eit uttrykk for talet på einingar per månad av vara, , der er talet på månader frå datoen i dag.
b) Bruk integrasjon til å berekne den samla produksjonen av vara dei neste to åra.
Oppgåve 2
Ei bedrift slepper i dag ut 1 000 tonn av ein klimagass per månad. Bedrifta har som målsetjing å redusere dette utsleppet med 4 prosent i gjennomsnitt per månad i dei neste åra.
a) Kor stort vil det månadlege utsleppet, , av klimagassen vere om 1 år dersom bedrifta klarer målsetjinga si?
b) Berekn det samla utsleppet i løpet av det første året.
Oppgåve 3
Ved produksjon av ei vare er etterspørselen per veke gitt ved
der betyr veke 1, betyr veke 2 og så vidare.
a) Finn etterspørselen av vara etter 26 veker.
b) Finn kor mange veker det går før etterspørselen er på 160 einingar i veka.
c) Finn den samla etterspørselen for 52 veker.
d) Kor mange veker tek det før den samla etterspørselen blir 10 000 einingar?
e) Lag algoritmen for eit program som løyser likninga i oppgåve d). Programmet skal bruke rektangelmetoden til å berekne det samla arealet, og det skal be om den ønskte samla mengda ved oppstart. Lag deretter programmet og test det med 10 000 einingar. Samanlikn med resultatet du fekk i d).
Oppgåve 4
Bedrifta Utslepp AS hadde i 2021 eit totalt utslepp av CO2 på 5 000 tonn. Dei fekk eit pålegg frå styresmaktene om å redusere utsleppa med 20 prosent per år dei neste 5 åra, gjeldande frå 1. januar 2023. Mengda utslepp skulle derfor reduserast etter formelen , der er talet på år etter 1. januar 2023.
Utslepp AS tolkar pålegget om å redusere utsleppa med 20 prosent per år slik at dei kan gjere ein reduksjon på 20 prosent éin gong i løpet av året. Dei planlegg derfor å gjere ein slik reduksjon 31. desember kvart år, den første gongen 31. desember 2023.
a) Teikn grafen til ved hjelp av GeoGebra. Lag òg ei grafisk framstilling i det same koordinatsystemet som viser mengda utslepp kvart år frå 1. januar 2023 til 31. desember 2027 dersom bedrifta reduserer utsleppa med 20 prosent 31. desember kvart år. Kva vil den totale mengda utslepp for desse 5 åra bli?
Ein naturvernorganisasjon meiner at Utslepp AS ikkje tolkar pålegget rett, og at reduksjonen bør gjerast 1. januar kvart år, med den første reduksjonen 1. januar 2023.
b) Lag ei ny grafisk framstilling som viser mengda utslepp kvart år frå 1. januar 2023 til 31. desember 2027 dersom bedrifta følger råda til naturvernorganisasjonen. Kva blir det totale utsleppet over 5 år dersom naturvernorganisasjonen får det slik dei vil?
Bedrifta finn i 2022 ei teknisk løysing som gjer at utsleppa kan reduserast kontinuerleg ut frå funksjonen , og denne løysinga blir godteken av alle partar.
c) Lag ei grafisk framstilling som viser mengda utslepp frå 1. januar 2023 til 31. desember 2027 ved kontinuerleg reduksjon. Berekn òg den totale mengda utslepp for desse 5 åra for denne løysinga.
Nedlastbare filer
Her kan du laste ned oppgåvene som Word- og pdf-dokument.
- Samla mengde(DOCX)
- Samla mengde(PDF)