Serielån
Kva er eit serielån?

Når du tek opp eit serielån, er avdraget like stort gjennom heile låneperioden. Etter kvart som lånet blir betalt ned, vil renteutgiftene gå ned fordi gjelda minkar gradvis. Terminbeløpa vil dermed bli lågare og lågare, som figuren viser.
Årlege terminar
Vi bruker eit serielån på 100 000 kroner som døme. Vi set den årlege rentefoten til 4 prosent. Lånet skal tilbakebetalast over 10 år med éin termin i året, og det er ingen gebyr. Då blir det totalt 10 terminar, og avdragsdelen av terminbeløpet er
Rentedelen blir
Det første terminbeløpet blir derfor
For å finne det andre terminbeløpet må vi først rekne ut kva restlånet er. Når avdraget er på 10 000 kroner, blir restlånet
Rentedelen blir no
Det andre terminbeløpet blir
Slik kan vi halde fram med å rekne ut terminbeløp for å sjå heile tilbakebetalingsplanen for lånet, men det er enklare å bruke eit rekneark til dette. Nedanfor viser vi korleis eit slikt rekneark kan sjå ut.

Formlane som er brukte, finn du i reknearket nedanfor. Prøv først å lage reknearket utan å sjå på formlane.
- Serielån i ti år(XLSX)
Månadlege terminar
🤔 Utfordring: Du ønsker å betale inn kvar månad i staden for éin gong i året. Banken tilbyr deg den same årsrenta med månadlege innbetalingar, og renta blir lagd til kvar månad. Kor store blir dei to første terminbeløpa då? Finn terminbeløpa utan å bruke rekneark.
I ei av oppgåvene skal du bruke eit rekneark til å lage ein tilbakebetalingsplan for lånet når det skal vere månadlege terminar.