Annuitetslån
Annuitetslån
Når du tek opp eit annuitetslån, er terminbeløpa like store gjennom heile låneperioden, slik stolpediagrammet viser.
Avdraget kvar termin er altså lik terminbeløpet minus renter og eit eventuelt termingebyr.
Etter kvart som lånet blir betalt ned, vil renteutgiftene gå ned. Sidan terminbeløpa skal vere like store gjennom heile låneperioden, vil avdragsdelen auke når rentedelen går ned.
Det er ikkje så enkelt å rekne ut terminbeløpet for eit annuitetslån. I eit rekneark kan vi prøve oss fram med ulike terminbeløp til lånet er nedbetalt til rett tid. Vi kan òg bruke ein lånekalkulator for å rekne ut terminbeløpet dersom det ikkje er gitt.
Dei aller fleste som tek opp et lån, vel annuitetslån. Det er viktig å vite kor stort terminbeløp du er i stand til å betale.
Når vi kjøper noko på avbetaling, betyr det at vi låner kjøpesummen og betaler tilbake ein sum til dømes kvar månad. Som regel er denne summen, eller terminbeløpet, fast. Derfor vil ei slik avbetalingsordning som oftast vere eit annuitetslån.
Døme: Avbetaling

Du ønsker å kjøpe ein tv som kostar 14 999 kroner. Dette skal vere eit godt tilbod på denne tv-en, men du har ikkje pengar no til å betale denne summen. Forhandlaren gir deg følgande tilbod om finansiering i form av ein avtale om avbetaling:
- Du låner heile kjøpesummen. Det er ikkje noko utsetjingsgebyr (gebyr i samband med å opprette avbetalingsordninga).
- Du betaler 1 000 kroner kvar månad inntil heile kjøpesummen er betalt inn, med andre ord inntil lånet er nedbetalt. Den første innbetalinga er éin månad etter kjøpet.
- Renta er 1,75 prosent per månad.
- Det er eit periodegebyr på 50 kroner per månad.
🤔 Tenk over: Kvifor er dette lånet eit annuitetslån?
På oppgåvesida skal du setje opp eit rekneark for å sjå kor mykje dette lånet kostar deg, men først reknar vi på den første innbetalinga, som kjem éin månad etter kjøpet. Prøv om du klarer å svare på spørsmåla nedanfor utan å sjå på løysingane.
Kor mykje av den første innbetalinga er renter?
Kor mykje betaler vi ned på lånet med det første avdraget?
Kva blir restlånet etter den første innbetalinga?
🤔 Tenk over: Vil restlånet minke med ein fast sum for kvar innbetaling slik som ved eit serielån?
🤔 Tenk over: Vi ønsker mellom anna å finne ut kor lenge vi må betale inn 1 000 kroner kvar månad. Kvifor kan vi ikkje rekne ut dette ved å dele den totale kjøpesummen på 14 999 kroner på det vi betaler kvar månad?
Bruk av kredittkort
Eit alternativ til å kjøpe ting på avbetaling når vi ikkje har pengar, er å bruke eit kredittkort.

Eit kredittkort vil seie at ein bank eller ein annan finansinstitusjon har gitt oss lov til å "handle utan pengar" fordi banken eller finansinstitusjonen betaler for oss. Med andre ord: Vi låner pengane.
I praksis er det ikkje stor forskjell på å kjøpe på avbetaling eller å betale med kredittkort, men det kan vere litt ulike vilkår. Når du bruker av kreditten, det vil seie at du tek opp eit lån, vil banken ofte automatisk setje opp ein betalingsplan for lånet. Og som regel er vilkåra slik at lånet blir eit annuitetslån.