Skriv fagartikkel om merkevarestrategiar - Marknadsføring og leiing 2 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Skriv fagartikkel om merkevarestrategiar

I denne skriveoppgåva skal du drøfte merkevarestrategien til ei valfri verksemd. Du skal òg vurdere posisjoneringa for verksemda i merkevarebygginga. Lykke til med skrivinga!

Tips til skriving av fagartikkelen

I ein fagartikkel skal du fordjupe deg i eit emne. Du skal undersøke fakta sjølv, utforske idéar, drøfte og skrive akademisk. I arbeidet med fagartikkelen er det viktig å grunngi påstandar ved å vise til pålitelege kjelder. Å kunne drøfte – sjå ei sak frå fleire sider – er nyttig. Du må vise at du kan sjå vesentlege argument både for og imot ei sak, og at du kan vurdere dei kritisk. På denne måten vil du kunne få fram og grunngi kva du meiner om ei sak på ein nyansert og sakleg måte.

Tips til oppbygging av fagartikkelen

Overskrift

Overskrifta skal lokke til seg lesarar og gi ein klar idé om kva fagartikkelen handlar om.

Innleiing

Innleiinga skal vekke interesse. Det kan vere lurt å vente med å skrive innleiinga til du har skrive heile – eller store delar – av hovuddelen.

Hovuddel

Start kvart avsnitt med ei temasetning som beskriv kva avsnittet skal handle om. Avsnittet skal berre handle om det temasetninga seier. I tillegg til temasetninga skal avsnittet innehalde kommentarsetningar og ei avslutning:

  • Kommentarsetningane skal gi meir detaljerte og utfyllande informasjon. Det er fint å ha konkrete døme.

  • Avslutninga i avsnittet kan til dømes vere formulert som ei kort oppsummering eller ein konklusjon.

Avslutning

Avslutninga skal runde av, samanfatte, skape rom for refleksjon og/eller konkludere.

Kjelder

Ta vare på lenkene til kjeldene du bruker. Når du finn informasjon i nettkjelder som du vil bruke i ein fagartikkel, må kjeldene førast i ei kjeldeliste. Då er det lurt å ha lenkene samla ein stad, slik at du lett finn tilbake til dei. Ha med liste over kjelder du har brukt i fagartikkelen.

Nokre tips til kjelder er fagartiklane og podkastepisoden nedanfor:

Ung kvinne smiler og ser opp på snakkeboble med teksten "Marknadsføring og leiing". Ved sida av ho er det seks ulike ikon: ropert, lyspære, tannhjul, stigande graf, globus og mobiltelefon. Illustrasjon.
Marknadsføring og leiing

Merkevarebygging og merkevarestrategiar

Har du nokon gong tenkt på kvifor mange kjøper akkurat Kvikk Lunsj når dei skal ut på tur? I denne podkasten høyrer du Knut Skeie Solberg i samtale med professor i marknadsføring på BI, Lars Erling Ol...

0:00
-0:00
Podkast: Moderne Media / CC BY-SA 4.0

Skriveoppgåve

  • Skriv ein fagartikkel med utgangspunkt i ei valfri verksemd. Oppgåvebeskrivinga er denne: "Drøft merkevarestrategien til ei valfri verksemd, og vurder posisjoneringa for verksemda i merkevarebygginga. "

  • Knyt gjerne òg inn drøftingspåstanden: "Utan ein god merkevarestrategi kan ikkje ei verksemd lykkast på sikt" i fagartikkelen.

  • Bruk relevante fagomgrep, jobb med å skape ein god struktur og bruk formålstenlege kjelder. Lykke til med skrivinga!

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 19.07.2024