Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Emne

Merkevarestrategi

Oppgåve
Video
Podkast

Berekraftige merkevarestrategiar?

Fleire motemerke har teke grep for å redusere klimaavtrykket. I denne oppgåva skal du, med utgangspunkt i ein dokumentarfilm og ein podkastepisode, mellom anna vurdere klesmerka Mother of Pearl og Northern Playground sin merkevarestrategi.

Oppgåve 1

Skriv minimum eitt avsnitt til ein tekst med tittelen "Kva skal til for at ein merkevarestrategi skal vere berekraftig?"

Oppgåve 2

  • Sjå film og skriv stikkord.

  • Vurder og gjer greie for Mother of Pearl sin merkevarestrategi og posisjonering i merkevarebygginga.

Film: Fashion Reimagined

Sjå dokumentarfilmen nedanfor (lengde 01:36:11) Fashion Reimagined med Amy Powney, sjefsdesignar i klesmerket Mother of Pearl.

Oppgåve 3

  • Lytt til podkasten og skriv stikkord.

  • Vurder og gjer greie for Northern Playground sin merkevarestrategi og posisjonering i merkevarebygging.

Podkast: Grønne gründere

Lytt til podkastepisoden nedanfor (lengde 18:13) "Grønne Gründere" med Jo Egil Tobiassen, gründer av klesmerket Northern Playground.

Økologisk konsept med grøn by på jorda. Foto.

Grøne gründerar

I denne episoden skal vi besøke Jo Egil Tobiassen i Northern Playground. Dei reklamerer med at vi må kjøpe mindre. Kva gjer Jo Egil og Northern Playground for å bli mest mogleg berekraftige?

0:00
-0:00
Podkast: Både Og AS / CC BY-SA 4.0

Oppgåve 4

Drøft minst tre av følgande påstandar:

  • Utan ein god merkevarestrategi, med fokus på berekraft, kan ikkje eit klesmerke lykkast på sikt.

  • Klesmerke som Mother of Pearl bidreg til å forandre klesbransjen i ei positiv retning.

  • Mange klesmerke grønvaskar, dei framstiller altså seg sjølve som meir berekraftige enn dei faktisk er.

  • Alle klesmerke, også dei som fokuserer på berekraft, har uansett profitt som sitt viktigaste mål.

  • Det finst rett og slett ikkje noko som heiter berekraftige klede.

  • Klesbransjen produserer enorme mengder klede og etterlèt seg enorme avfallsmengder, så vi treng ikkje fleire "berekraftig" produserte klede på toppen av søppelberga.

Oppgåve 5

Bruk det du har jobba med i oppgåve 1–4 til å skrive ein heilskapleg fagtekst med tittelen "Kva skal til for at ein merkevarestrategi skal vere berekraftig?" Lykke til med skrivinga!

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist oppdatert 25.02.2026