Oppgåve
Video
Interaktivt innhald
Merkevarestrategi – Zeroh!
Mange kjenner til merkevara Zeroh!, men få veit at denne merkevara er eigd av Lerum. I desse oppgåvene skal du fordjupe deg i merkevarestrategien til Zeroh!

Oppgåve 1
Del 1: Sjå filmen
Sjå filmen nedanfor (lengde 06:48) om merkevarestrategi til Zeroh!.
Video: Christina Svien / CC BY-SA 4.0
Del 2
Beskriv og vurder utfyllande merkevara Zeroh! si merkevarebygging basert på
informasjon frå filmen
eigen kjennskap og kunnskap om merkevara
informasjon frå kjelder på nett
Oppgåve 2
Utarbeid eit forslag til Zeroh! si merkevarehandbok ved å
lage forslag til merkevareplattform
beskrive/lage forslag til merkelement
beskrive tone of voice
Ta eventuelt eigne føresetnader der det er nødvendig.