Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Melkekrigen

I denne oppgåva skal du først sjå filmen Melkekrigen. Med utgangspunkt i filmen skal du vurdere distribusjonsstrategiar og makt og avhengnad i verdikjeda.

Oppgave

I tillegg til informasjonen i filmen bør du bruke relevante kjelder, marknadsføringsteoriar og marknadsøringmodellar når du løyser oppgåva.

Sjå filmen Melkekrigen

Se den islandske filmen Melkekrigen nedanfor (lengde 01:31:31), der mjølkebonden Inga kjempar mot styresettet i andelslaget.

Del 1

  1. Beskriv og vurder distribusjonsstrategiar i filmen Melkekrigen.

  2. Drøft og vurder påverknaden av makt og avhengnad som kjem fram i filmen.

  3. Vurder distribusjonsstrategiar og maktforhold som kjem fram i filmen samanlikna med dei vi finn i det norske andelslaget Tine. Diskuter likskapar og forskjellar.

Om andelslaget Tine

Tine er organisert som eit andelslag eigd av cirka 7000 melkeprodusentar. Tine-konsernet omfattar cirka 35 meierier og fleire heil- eller deleigde dotterselskap og tilknytta selskaper.

Les meir på https://www.tine.no/organisasjon

Del 2

Arranger ein debatt i klassen der éi gruppe representerer rolla til eit stort og mektig andelslag, mens den andre gruppa representerer melkebøndene.

Instruksar

Gruppe 1: Denne gruppa representerer rolla til andelslaget. Gruppemedlemmene skal argumentere for fordelane ved å vere ein del av eit andelslag.

Gruppe 2: Denne gruppa representerer mjølkebøndene som ønsker større sjølvstende. Gruppemedlemmene skal argumentere for utfordringane ved å vere avhengig av eit andelslag.

  • Førebuing

    • Kvar gruppe skal førebu seg ved å finne fakta, statistikkar og døme som støttar argumenta deira.

    • Gruppene skal òg førebu motargument for å kunne svare på spørsmål og innvendingar frå den andre gruppa.

  • Debattstruktur

    • Innleiande utsegner: Kvar gruppe får 2 minutt til å presentere hovudargumenta sine.

    • Open debatt: Gruppene får 5 minutt til å diskutere og utfordre kvarandre sine argument.

    • Avsluttande utsegner: Kvar gruppe får 1 minutt til å samanfatte argumenta sine og avslutte debatten.

  • Evaluering

    • Etter debatten skal klassen diskutere kva for argument som var mest overtydande og grunngi kvifor.

Lykke til med debatten!

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist oppdatert 26.02.2026