Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Video

McDonald's – distribusjonsstrategi

I denne oppgåva skal du sjå filmen The Founder, der du kan lære meir om dei første åra av fastfood-imperiet McDonald's si historie. Du skal vurdere distribusjonsstrategien til McDonald's, og påverknad av makt og avhengnad i verdikjeda.

Oppgåve til filmen The Founder

Deloppgåvene skal svarast på med utgangspunkt i

  • filmen

  • relevante kjelder, marknadsføringsteoriar og -modellar

Om filmen

The Founder er ein ein biografisk dramafilm frå 2016. Filmen handlar om Ray Kroc, ein omreisande seljar spelt av Michael Keaton, som møter brørne Mac og Dick McDonald som driv ein hamburgarrestaurant i California på 1950-talet. Kroc let seg fascinere av hurtigmatsystemet dei har utvikla.

Kroc ser potensialet i restaurantmodellen og overtaler brørne til å starte med franchising. Jo fleire McDonald's-restaurantar som opnar, jo mindre kontroll får brørne sjølv over selskapet sitt. Etter kvart tek Kroc kontroll over selskapet, og McDonald's utviklar seg til å bli ei global hurtigmatkjede.

Del 1

Sjå filmen nedanfor (lengde 01:50:34).

Forslag til stopp og refleksjon undervegs i filmen

Vi anbefaler å pause filmen undervegs – som tenkestopp. Her er forslag til når filmen bør setjast på pause, med tilhøyrande refleksjonsspørsmål:

00:21:48

Kva synest de om McDonald's-konseptet som brørne utvikla? Kva var dei viktigaste elementa som gjorde det nytt og unikt?

00:50:35

Kva er utfordringane Ray Kroc møter når han prøver å ekspandere med franchising?

01:06:35

Kva er hovudårsakene til konflikten mellom Ray Kroc og brørne McDonald?

01:39:00

Kva synest de om måten Ray Kroc tok kontroll over McDonald's på?

Del 2

Beskriv og vurder McDonald's sin distribusjonsstrategi når det gjeld

  • distribusjonsform

  • distribusjonsgrad

  • distribusjonskanal (Kva for distribusjonsledd inngår?)

Del 3

McDonald's er ei franchisekjede.

  • Forklar kva som er meint med franchising.

  • Drøft fordelar og ulemper med franchising. Begrunn med konkrete døme frå filmen.

Del 4

Drøft og vurder påverknaden av makt og avhengnad i til McDonald's.

Del 5

Skriv eit samanfattande notat om det du meiner er dei viktigaste suksessfaktorane til McDonald's.

Del 6

Drøft påstanden: "McDonald's sin lett tilgjengelege hurtigmat har ein negativ samfunnspåverknad.".

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist oppdatert 26.02.2026