Spring, samle bokstavar og set saman fagomgrep. Klarer laget ditt å forklare dei først? Klar, ferdig, gå!
Å teste ut ein fagomgrepsstafett på ein solfylt dag kan vere midt i blinken.
Gjennomføring av fagomgrepsstafett
De blir delte inn i lag.
Éin og éin frå kvart lag spring og hentar ein lapp med ein bokstav og spring tilbake til laget.
Når alle bokstavane er henta, samarbeider laget om å setje saman bokstavane til eit fagomgrep.
Når omgrepet er sett saman, skal de forklare det til læraren.
Når omgrepet er forklart, startar laget på ein ny runde med eit nytt fagomgrep.
Instruksjonar til lærar
Del elevane inn i lag med like mange deltakarar.
Vel relevante fagomgrep. Døme kan vere: internmarknadsføring, marknadsstrategi, leiing, verksemdskultur og så vidare.
Skriv kvar bokstav i fagomgrepa på separate ark/lappar. For omgrepet internmarknadsføring blir det til dømes 18 lappar, éin for kvar bokstav. Ordne tilsvarande lappar til alle laga.
Bland bokstavane til kvart enkelt fagomgrep, slik at dei ikkje er i rekkefølge. Hald dei blanda lappane for kvart fagomgrep samla, slik at dei ikkje blandar seg med andre fagomgrep og/eller lappar til dei andre laga.
Plasser bokstavane for eitt og eitt fagomgrep på eit område som er lett tilgjengeleg for elevane, men som krev at dei må springe for å hente dei.
Når du som lærar gir startsignalet, startar første elev på kvart lag å springe for å hente ein bokstav. Når eleven er tilbake, spring neste elev for å hente neste bokstav og så vidare.
Når alle bokstavane er henta, skal laget samarbeide om å setje saman bokstavane til det rette fagomgrepet. Laga bør få beskjed om å vere diskrete overfor dei andre laga, slik at fagomgrepsdiskusjonen ikkje kan høyrast mellom laga.
Når elevane på laget har sett saman fagomgrepet, skal dei gi teikn om at dei er klare og forklare betydninga av fagomgrepet for deg som lærar eller eventuelt ein lærar-medhjelpar. Vurder gjerne å ha éin eller fleire lærarmedhjelparar. På den måten slepp laga å vente på å forklare omgrep, med å få hjelp til å legge ut nye lappar og så vidare.
Gi poeng for korrekt samansette fagomgrep og gode forklaringar. Gi òg ekstra poeng for rask gjennomføring. Gi 0 til 5 poeng – alt etter kor godt du vurderer svaret og gjennomføringa til å vere. Skriv ned poenga. Du finn poengskjema, forslag til omgrep og omgrepsforklaringar nedanfor.
Når elevane på laget har forklart fagomgrepet, kan dei starte på ein ny runde med eit nytt fagomgrep. Kanskje de vil variere med å ta nokre rundar med hinking, hopping eller liknande.
Laga konkurrerer om å få flest mogleg poeng og å fullføre oppgåva på kortast mogleg tid. Vurder å ha ein liten premie til det laget som har samla flest poeng.