Distribusjons-Jeopardy
I Jeopardy-spelet er det om å gjere å stille dei rette spørsmåla til svara i Jeopardy-brettet og få flest poeng.
Spelet startar med at de blir delte inn i grupper, som får tildelt kvar sin lyd.
Gruppa som startar konkurransen, får velje ein kategori og ei vanskegrad, til dømes "Distribusjon 200”.
Læraren les opp svaret, og den første gruppa som lagar lyden sin, får stille spørsmålet.
Svarer gruppa med rett spørsmål, får dei det talet på poeng som denne luka har. Dei får òg velje neste luke som skal opnast.
Svarer gruppa feil, blir dei trekte det talet på poeng som står på luka. (Hugs at viss de gløymer spørsmålsformulering, blir det automatisk rekna som feil.) Dei andre gruppene kan deretter få lov til å svare.
Laget som har flest poeng når alle lukene er opna, har vunne.
Lykke til!