Tekstbeskriving av diagrammet om distribusjonsstrategi
Diagrammet har overskrifta "Distribusjonsstrategi", og ein strek leier ned til ein tekstboks der det står "distribusjonsformer". Diagrammet deler seg så i to. Ein strek leier ut til venstre der det står "direkte distribusjon". Ein annan strek leier mot høgre der det står "indirekte distribusjon". Mellom venstre og høgre del av diagrammet er det ei dobbeltsidig pil med teksten "kombinasjon av direkte og indirekte distribusjon". Under kvar av dei to distribusjonsformene er det ei rekke tekstboksar med meir detaljert informasjon om kva distribusjonsforma inneber.
Venstre del av diagrammet: Direkte distribusjon
Frå "direkte distribusjon" går det ein strek ned til omgrepet "distribusjonsgrader". Herfra går det tre strekar til kva sin tekstboks. Éin leier til venstre til "intensiv distribusjon", éin går rett nedover og leier til "selektiv distribusjon", og éin leier til høgre til "eksklusiv distribusjon". Frå desse tre tekstboksane blir strekane samla igjen og leier til ein tekstboks der det står "distribusjonskanalar døme". Frå denne tekstboksen går det ein strek som leier til tre kolonnar med tre nivå som òg utgjer slutten av diagrammet. I venstre kolonne står det "produsent, eigne varehus og kunde". I den midtarste kolonnen står det "produsent, eigen nettbutikk og kunde". I kolonnen til høgre står det "produsent, fabrikkutsal og kunde".
Høgre del av diagrammet: Indirekte distribusjon
Høgre del av diagrammet er nokså lik venstre del. Frå "indirekte distribusjon" går det ein strek ned til omgrepet "distribusjonsgrader". Herfrå går det tre strekar til kvar sin tekstboks. Éin leier til venstre til "intensiv distribusjon", éin går rett nedover og leier til "selektiv distribusjon", og éin leier til høgre til "eksklusiv distribusjon". Frå desse tre tekstboksane samlast strekane igjen og leier til ein tekstboks der det står "distribusjonskanalar døme". Frå denne tekstboksen går det ein strek som leier til tre kolonnar som òg utgjer slutten av diagrammet. Venstre kolonne inneheld fire nivå. Desse er frå øvst til nedst: produsent, grossist, detaljist og kunde. Midtre kolonne inneheld tre nivå. Desse er frå øvst til nedst: "produsent, detaljist og kunde". Høgre kolonne inneheld fire nivå. Desse er frå øvst til nedst: "produsent, agent, detaljist og kunde".
Kva for ein distribusjonsstrategi er mest vanleg for produsentar av daglegvarer?
Finn døme på produsentar som nyttar seg av andre distribusjonsstrategiar.
Finn døme på daglegvareprodusentar som nyttar seg av multikanal- eller omnikanalstrategi.
Korleis kan eigenarten til vara påverke val av distribusjonskanal?
Forklar kvifor ikkje produsentar alltid fritt kan bruke ønskt distribusjonsstrategi?
Kvifor får ikkje alle daglegvareprodusentar innpass i dei store daglegvarekjedene?
Kva meiner vi med at daglegvareprodusentar ofte må "kjempe" for innpass og ei god hylleplassering i butikkane?
Gi døme på varer som har ei god hylleplassering i daglegvarebutikken. Kvifor trur du akkurat desse varene har fått ei så god plassering?
Forklar korleis forbrukarmakt kan påverke vareutvalet i daglegvarebutikken.
Kva meiner vi med at daglegvarebransjen i Noreg er prega av sterke aktørar og komplekse maktforhold?
Forklar kvifor nokre sterke merkevarer har forhandlingsmakt overfor daglegvarekjedene. Gi døme.
Gi døme på samarbeid og integrasjon i daglegvarebransjen.
Kva rolle har Konkurransetilsynet overfor daglegvarebransjen i Noreg?
ein indirekte distribusjon
intensiv distribusjon
distribusjonskanalen produsent – grossist – detaljist – kunde
å samarbeide med det tyske selskapet Beiersdorf, som eig Nivea, om distribusjon av Nivea-produkt på den norske marknaden
Søk etter nyheitssaker om daglegvarebransjen, og skriv ned viktige punkt frå sakene.
Les kva som blir skrive om daglegvarebransjen på Konkurransetilsynet.
Korleis klargjer omtalen i nyheiter og på Konkurransetilsynet si nettside forhold som er omtalt i oppgåvene over?
Korleis kan makt og avhengnad innan distribusjonskanalane i norsk daglegvarebransje ha både positive og negative konsekvensar?
- I kva grad bør maktkonsentrasjonen blant dei norske daglegvarekjedene reduserast? Grunngi.