Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Sjølvportrett

Det du har lært om skjemateikning av hovudet og ansiktet, kan du bruke til å teikne eit sjølvportrett. Skjemaet er ei støtte som du justerer etter ditt eige ansikt. Fasiten for rette proporsjonar i sjølvportrettet har du rett framføre deg i spegelbiletet ditt.

Utstyr

  • teikneblyantar

  • knetgummi

  • teikneblokk i A3-format

  • spegel

Oppgåve 1. Sjølvportrett

I denne oppgåva skal du teikne ditt eige ansikt rett framanfrå. Pass på at du finn ei god arbeidsstilling framfor ein spegel.

Start med å teikne opp sirkelen og den vertikale midtlinja slik det er vist i artikkelen om skjemateikning av hovud og ansikt. Bruk lette strekar for å markere kvar auge, nase og munn skal teiknast inn. Få med omtrentlege versjonar av øyra, kjeven og haka.

Ta mål med sikteteknikk, og juster skissa der det trengst. Hald fram med å teikne med lette strekar, som er lette å viske ut. Sjå etter flater, former, lys og skuggar. Kontrollmål ein siste gong når alt er på plass.

Oppgåve 2. Sjølvportrett med attributt

Ordforklaring

Attributt
er eit symbol eller ein ting som kjenneteiknar ein person eller ein skikkelse. Det blir mykje brukt i mytologien. Til dømes er hammaren Tors attributt, og ramnane Hugin og Munin er Odins attributt.

Dette er ein meir personleg variant av sjølvportrettoppgåva. Du skal teikne deg sjølv på same måte som i oppgåve 1. Forskjellen er at du skal ha med eit attributt, altså noko som kan fortelje noko om deg, eller få fram noko av personlegdommen din.

Attributtet kan vere noko som viser kva du driv med på fritida, eller noko du er spesielt engasjert i.

Skrive av Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist oppdatert 02.12.2025