Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Mål som ein impresjonist

I denne oppgåva blir du kjend med impresjonismen som kunsthistorisk periode. Du skal utforske verknaden av lyset på fargane og studere same motiv under ulike lysforhold. Eksperimenter med raske, synlege penselstrøk, eller prøv å gi att ulike lysforhold med pastellkrit.

Utstyr

  • kamera eller mobil

  • skissebok eller skisseblokk i A3-format

  • lerret eller bokpapp

  • akrylmåling, gouache eller pastellkrit

  • penslar

Del 1: Set deg inn i impresjonismen som periode

  1. Les fagartikkelen om impresjonisme. Beskriv kort kva som kjenneteiknar perioden.

  2. Finn eit impresjonistisk måleri og beskriv motiv, fargar og penselstrøk. Gå tett på motivet og beskriv opplevinga di av måleriet når du ser det på nært hald, og når du ser det på avstand.

Del 2: Eksperimenter med penselstrøk eller pastellkrit

Finn eit utsnitt av det måleriet du beskreiv i del 1, og kopierer dette.
Forsøk å gjenskape fargebruken og verknaden av dei synlege penselstrøka i ei fargeskisse.

Del 3: Gjengi eit motiv under ulike lysforhold

  1. Vel eit motiv. Det kan til dømes vere ein bygning, ein person eller eit nær eit vindauge. Vurder korleis du vil bygge opp komposisjonen om du vil jobbe med eit stilleben.

  2. Fotografer motivet under ulike lysforhold. Det kan vere naturleg lys om morgonen, ettermiddagen og tidleg kveld eller lampelys. La deg inspirere av korleis impresjonistane kunne skjere til eit motiv.

  3. Prøv ut ulike teknikkar før du bestemmer deg for om du vil bruke akryl eller gouache, pastellkrit eller blandingsteknikk.

  4. Lag skisser.

  5. Studer korleis fargetonane endrar seg i ulike lysforhold, og gjengi motivet ditt på minst to ulike måtar. La deg inspirere av bilete frå perioden.

Innlevering

Til slutt skal du levere

  • to (eller fleire) måleri eller pastellkritteikningar av same motiv

  • eit prosesshefte der du

    • presenterer fotografia som var utgangspunktet for prosessen din

    • viser korleis du har eksperimentert med teknikkar

    • presenterer skissene og grunngir vala du har teke undervegs

    • vurderer det endelege produktet ditt og forklarer korleis du har brukt utsnitt, teknikk og fargar som ein impresjonist

Relatert innhald

Akrylmåling og måleteknikkar

Akrylmåling er godt eigna både til måleri og til å måle på gjenstandar. Her er ei oversikt over kva akrylmåling er, utstyr og måleteknikkar.

Pastellkrit

Pastellkrit har klare, sterke fargar, og ulike teknikkar gir heilt ulike uttrykk. Her får du forslag til nokre teknikkar du kan prøve.

Skrive av Lizann Mikkelsen Tapper og Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 18.02.2026