Detaljar i ansiktet

Å teikne auge
Auga våre er kuler, kalla augeeple, som ligg i augeholene i kraniet. Dette påverkar forma på auga og korleis skuggane legg seg. Augelokka foldar seg over og følger forma til augeeplet. Dette er mest tydeleg på det øvre augelokket, men gjeld òg det nedre. På det nedre augelokket vil du ofte sjå kanten på augelokket mellom augeeplet og augevippene.
Augevippene kan du teikne inn som grupper med små hår i staden for enkelståande vipper. Augebryna veks oppover og ut til sidene.

Sjå nøye forma på auga til modellen, og kontrollar at du ikkje teiknar auga for store. Ein generell hugseregel er at auget er omtrent ein femdel av breidda på ansiktet, og at avstanden mellom auga er lik breidda på eit auge. Mål alltid kva som gjeld for modellen din når du teiknar eit portrett.

Iris og pupill
Den farga sirkelen på augeeplet blir kalla iris. I midten av iris er pupillen plassert. Det oppstår eit høglys der lyset treffer auget. Lyset går vidare gjennom linsa og gjer motsett side av irisen lysare.
For å få forma på irisane rett kan du sjå dei kvite delane av augeeplet som negative former.
Skuggar
Studer kvar det er skuggar på sjølve augeeplet. Sjølv om du veit at det kvite feltet er kvitt, er det ikkje like kvitt overalt. Skuggelegging gjer teikninga di meir levande.

Å teikne munnen
I staden for å teikne leppene som mørke linjer, teikn heller flater som består av ulike valørar. Du kan sjølvsagt bruke svake hjelpelinjer for å teikne opp forma.

I dei fleste tilfella vil overleppa vere mørkare enn underleppa. Grunnen er at overleppa vender mest nedover, og lyset kjem som regel ovanfrå. Midtpartiet på underleppa har ofte lysare valørar fordi lyset treffer dei delane som når lengst ut. Over og under dette partiet krummar leppa seg og ligg meir i skugge. Dette markerer du med djupare valørar i teikninga.
Legg merke til at partiet rett under underleppa får ein skugge når lyset kjem ovanfrå. Dei mørkaste valørane er der leppene møtest. Her slepper det lite lys til, og det gir derfor mørkare valørar. Munnvikane er oftast så langt ut til sidene at dei er på linje med pupillane til ein person som ser rett fram.
Munnen sett i profil

Dei same prinsippa om korleis lyset fell på leppene, som beskrive over, gjeld òg når du ser ein munn frå sida.
Når du skal få til rett form på munnen til modellen, må du sjå korleis overleppa og underleppa er i forhold til kvarandre.
For å få dette rett kan det hjelpe å studere den negative forma mellom nasen, munnen og haka.
Å teikne nasen
Der nasen startar mellom auga, kallar vi naserota. Naseryggen går frå naserota og blir gradvis høgare mot nasetippen.

Sidene på nasen vil som regel ha meir skugge enn naseryggen, men kva retning lyset kjem frå, speler ei stor rolle for skuggelegginga. Ei side kan vere belyst, mens den andre sida har meir skugge.
Å teikne øyret


Den ytre og synlege delen av øyret blir kalla øyremuslingen. Øyret kan jo minne om eit skjel. Langs øyremuslingen går det ein kant som foldar seg innover for så å gå over i øyreflippen som er flatare. På teikninga er denne krokforma bogen markert med oransje.
Innanfor bogen er det ein forhøgd fold som kan minne om forma på bokstaven y. Dei blå linjene på teikninga viser denne forma. Legg merke til at dei forsvinn innunder kanten på øyret.
Der øyret er festa til ansiktet er det ei trekantform som blir kalla øyrelokk. Rett overfor øyrelokket er ei ny trekantform. Begge desse er markerte med grønt på teikninga.
Øyra er ulike frå person til person. Den beste måten å teikne eit øyre på er å observere former og flater. Bruk mørke og lyse valørar for å skildre kva som ligg i lys, og kva som ligg i skugge. Nokre delar vil overlappe andre delar.
Kor detaljert du skal teikne øyra i eit portrett, avheng av kva stil du vel å teikne i, posituren til modellen og kor mykje av øyra som faktisk visest.
Å teikne håret

Når du teiknar hår, er det enklare viss du ser frisyren som ei form som består av mindre former. Hårstråa samlar seg i grupper, og desse kan du teikne som ei og ei form. Legg merke til i kva retning håra går, og korleis dei fell. Ein strikk eller andre måtar å samle håret på vil påverke retninga og tettleiken for hårstråa.
Studer korleis lysretninga skaper høglys og skuggar på hovudet til modellen. Prøv å gjengi dette med lyse og mørke valørar.
Når du har fått på plass hovudformene, kan du legge på teksturen håret har. La hårstråa følge formene du teiknar. Teksturen er som oftast tydelegast i valørar som har mellomtonar. Der håret er i sterkt lys, teiknar du inn få detaljar. Det same gjer du med hår som ligg i djup skugge.
Øv på å teikne detaljar i ansiktet
Bruk råda du får i denne artikkelen, og konsentrer deg om ein detalj om gongen. Studer ulike modellar, eller bruk fotografi viss du ikkje har nokon personar du kan teikne. Fyll eit ark i skisseboka di med teikningar av
auge
munnar
nasar
øyre
hår
Øv deg på å gjengi form og skape djupne ved hjelp av valørar.