Topunktsperspektiv
Oppgåve 1. Teikn prisme i topunktsperspektiv
Utstyr
skisseblokk: A3-format
linjal
blyant: 2B
svart penn
Instruksjonsfilm
I filmen under (lengde 6:22) får du ei grunnleggande innføring i topunktsperspektiv. Vi viser trinn for trinn korleis du kan teikne prisme i ulike høgder. Eit prisme er ein tredimensjonal geometrisk figur. Her har vi brukt firkantar som endeflater.
Del 1: Fugleperspektiv
Ein fugl som flyr, ser verda ovanfrå. Derfor kallar vi dette perspektivet for fugleperspektiv. No skal du teikne eit prisme ved å følge rettleiinga i instruksjonsfilmen over eller ved å følge beskrivinga i punkta under:
Teikn opp ei horisontlinje på arket ditt, og plasser to forsvinningspunkt i kvar sin ende av horisontlinja.
Begynn med å lage ein vertikal strek under horisontlinja di.
Når du ser eit prisme frå hjørnet, vil sidene som er parallelle, møtast i same forsvinningspunkt. Trekk hjelpelinjer frå begge endene av streken du har teikna, og opp til begge forsvinningspunkta.
Avgjer kor djupt prismet skal vere ved å setje to vertikale strekar mellom hjelpelinjene som går mot same forsvinningspunkt. Trekk så ei linje frå kvart hjørne og opp til det andre forsvinningspunktet.
Marker linjene i prismet med ein svart penn, og la hjelpelinjene som er teikna med blyant, stå.
Del 2: Froskeperspektiv
Froskeperspektiv er perspektiv sett nedanfrå. Du har då låg augehøgde og ser opp på motivet ditt. Følg same framgangsmåte som i del 1, men no skal du teikne prismet over horisontlinja.
Del 3: Varier ulike perspektiv
Fyll arket med prisme sett frå ulike perspektiv. Sjå korleis du kan gjere dette, i instruksjonsfilmen over.
Oppgåve 2. Øv på topunktsperspektiv i eit bybilete
Utstyr
teikneblokk: A3-format
linjal
teikneblyantar
valfrie reiskapar til å fargelegge med
Instruksjonsfilmar
Filmen under (lengde 16:18) viser korleis du kan teikne hus i topunktsperspektiv. Her bruker vi hjelpelinjer til å teikne inn møne.
I filmen under (lengde 3:23) lærer du å teikne ei trapp i topunktsperspektiv.
Leik med djupneverknadene du kan skape med topunktsperspektiv
Teikn eit gatehjørne du ser for deg i fantasien, og lag din eigen draumeby. Dette kan vere ein framtidsby viss du ønsker det. Bruk topunktsperspektiv til å skape djupne.


Start med å plassere horisontlinja og to forsvinningspunkt.
Konstruer det første huset på gatehjørnet og to vegar som går inn mot forsvinningspunkta.
Bruk fantasien og jobb vidare med bybiletet.
Bruk valfri teknikk til å setje farge på bybiletet ditt. Prøv å la fargebruken forsterke kjensla av djupne.

Relatert innhald
Ein sirkel som er teikna i perspektiv, forandrar form og blir då kalla ellipse. Bruk reglane for perspektivteikning for å teikne sirklar på rett måte.
Korleis kan vi få fram at ein gjenstand ser boga ut på eit flatt papir? Øv deg på å teikne krumme flater ved å følgje instruksjonane.