Komposisjonsprinsippet tredeling
Korleis kan du bruke tredeling?
Tredeling er eit enkelt prinsipp du kan bruke til å skape gode, harmoniske komposisjonar. Det blir brukt i fotografi, film, grafisk design og sjølvsagt i kunst. Du kan sjå døme på dette i filmen under (lengde 2:59).
Komposisjon av eit bilete
Tenk deg at du skal lage eit bilete. Formatet skal vere liggande, det vil seie at breidda på arket er lengre enn høgda. Dette blir òg kalla landskapsformat, og det passar godt til dette dømet. Motivet skal vere ei strand der eit barn spring med ein drake.
Når du skal komponere dette biletet, må du ta nokre val. Korleis vil du fordele landskapet på biletflata? Skal utsnittet vise mest av stranda og litt av sjøvatnet som skyl inn mot land? Kva med himmelen? Kor mykje av han skal vere med? Kvar vil du plassere barnet? Kva med draken?
Bruk hjelpelinjer
Det blir enklare å begynne på komposisjonen din når du har fått på plass hjelpelinjene etter tredelingsprinsippet:
Bruk to vertikale linjer til å dele biletflata inn i tre like store delar i breidda.
Bruk to horisontale linjer til å dele biletflata inn i tre like store delar i høgda.
I praktisk arbeid held det å bruke augemål for å setje opp inndelinga.
Du kan bruke dei linjene som går horisontalt, til å plassere horisonten og overgangen mellom sjø og strand.
Dei vertikale linjene kan hjelpe deg med å plassere barnet, draken og eventuelt andre element du ønsker å inkludere i komposisjonen.
Det som trekker til seg merksemda til sjåaren kallar vi blikkfang. Dei fire kryssa som oppstår der dei horisontale og dei vertikale linjene møter kvarandre, vil vere spesielt gode område for å plassere hovudmotivet i komposisjonen din.
Eit viktig poeng å ta med er at både linjer og kryss er rettleiande hjelpelinjer for kvar du kan plassere ulike element. Av og til ser du at du må bryte regelen for å få fram motivet ditt. Vurder alltid kva du synest fungerer best, ut frå kva du ønsker å formidle.