Komposisjon i kunst

Skisser med komposisjonar
Når du til dømes skal måle eit bilete, må du ta stilling til kvar du skal plassere elementa i motivet ditt, og du må òg ta stilling til korleis dei fungerer i saman. Før du begynner å måle, bør du planlegge komposisjonen. Bruk komposisjonsprinsippa som hjelp til å komme i gang. Då blir det lettare å få til eit måleri som formidlar det du vil.
Det er det ingen fasit på korleis ein komposisjon skal vere. Når du startar prosessen med å komme fram til ein komposisjon, bør du tenke etter om måleriet skal formidle ro og harmoni, eller om du vil ha fram noko som gir kjensle av uro og spenning.
Tredeling
Start gjerne med å dele biletflata i tre, både horisontalt og vertikalt. Då får du hjelpelinjer som kan gi eit godt utgangspunkt for å plassere hovudmotivet. Du kan kombinere tredelingsregelen med andre prinsipp for komposisjon.
Balanse

Balanse vil seie å skape likevekt i biletet. Viss du har like element på begge sider av midtlinja, er det symmetrisk. Denne typen balanse gir eit roleg, harmonisk uttrykk i komposisjonen.

Du kan skape meir spenning ved å trekke noko til side eller ha fleire element på den eine sida. Då må du justere plasseringa for å behalde balanse i komposisjonen. Dette kallar vi asymmetrisk balanse.
Ved medvitent å bryte balanseprinsippet, kan du få til det motsette av eit roleg, harmonisk uttrykk.
Prøv ut ulike komposisjonar i lite format
Prøv ut idéar ved å lage små, raske skisser. Kombiner gjerne fleire komposisjonsprinsipp, som rytme, blikkfang, linjeføring, gruppering, form- og storleikskontrastar. Dette er nokre døme på kva komposisjonsprinsipp du kan vurdere å bruke. Det finst fleire.

Planlegg fargebruken
Fargar er ein viktig del av uttrykket i eit måleri og påverkar komposisjonen i stor grad. Det kan vere lurt å velje fargepalett samtidig som du planlegg komposisjonen. Bruk ein avgrensa fargepalett, til dømes ein treklang. Ut frå desse kan du lage mange valørar og fargenyansar. Ver merksam på at ein farge blir opplevd ulikt alt etter fargane han står saman med. Å førebu fargepaletten frigjer deg frå å tenke på dette undervegs i måleprosessen.
Landskapsmåleri
Tradisjonelt er formatet til eit landskapsmåleri breiare enn det er høgt. Dette blir òg kalla liggande format. Landskapsmåleri kan vere harmoniske både i komposisjon og fargebruk, men kan likevel vere dramatiske og fulle av spenning. Tenk deg eit landskap med store, mørke uvêrsskyer over eit hav med store bølger. Som kontrast kan du sjå for deg eit grønt og frodig landskap ein stille, solfylt sommardag. I begge tilfella vil komposisjonen vere viktig for korleis både spenning og harmoni kjem fram.
Prinsippet om tredeling er ofte brukt for å bestemme plasseringa av dei store elementa i landskapsmåleri. I tillegg blir dei andre prinsippa brukte for detaljane i måleriet.
Fargebruken vil sjølvsagt variere etter landskapet som er på måleriet, men generelt kan du merke deg at det som skal vere langt borte, har kalde fargar, mens det som skal vere nært, er måla med varmare fargar. Dette blir kalla luftperspektiv og er med å skape djupne i motivet.

Portrettmåleri
Portrettmåleri har ein hovudperson som motiv. Dei kan lagast på mange ulike vis, men vi kjenner alle til klassiske portrettmåleri av kjende og ukjende personar. Desse er tradisjonelt måla i eit format som er høgare enn det er breitt. Personen som er på portrettet, er anten måla i heilfigur, frå livet og opp eller som nærbilete. I alle desse variantane er det logisk å bruke høgdeformat.
Også på portrett er tredelingsregelen mykje brukt. Augepartiet vil vere eit naturleg blikkfang og er plassert der den øvste tredjedelen møter den midtarste delen. Dei andre komposisjonsprinsippa blir brukte for å forsterke og skape variasjon i komposisjonen.

Stilleben
Stilleben er når kunstnaren set opp objekt i ei gruppe og målar dette som eit eige motiv. Typisk er gjenstandar frå kvardagen, blomstrar og frukt. Ofte ein kombinasjon av desse. Komposisjonen er nøye planlagd for å skape balanse og harmoni i biletet. Lys og skugge speler ei viktig rolle i å framheve formene og teksturane til objekta. Kunstnaren bruker ofte tredelingsregelen for å plassere hovudobjekta på ein måte som trekker auga til betraktaren inn i biletet.

L-komposisjon
L-komposisjon kan passe fint i eit stilleben. Det vil seie at objekta er sette opp etter forma til ein L. Illustrasjonen viser døme på ein L-komposisjon. Ei spegelvend L-form kan òg vere ei moglegheit for ein slik komposisjon.

Komposisjon kan brukast til mykje
Bruk komposisjonsprinsipp i kvardagslivet òg. Til dømes når du fotograferer. Då er det lett å prøve ut forskjellane og sjå kva effekt ein gjennomtenkt komposisjon kan ha. Av og til må du berre flytte deg for å få den rette vinkelen.
Skal du lage ei utstilling med ulike kunstverk, set du desse saman slik at dei blir viste på best mogleg måte. Du komponerer utstillinga som ein heilskap.
Skal du henge opp bilete på veggen, kan du henge dei opp heilt tilfeldig. Men bruker du det du kan om komposisjon, også når du henger opp ei samling med bilete, kan kvart bilete komme betre til sin rett.

Reflekter og diskuter
Studer fotografia frå utstillinga av "Mot"-oppgåva. Kva komposisjonsprinsipp ser de at elevane har brukt?
Relatert innhald
Komposisjon handlar om å setje saman delar til ein heilskap. Tredelingsprinsippet eller "rule of thirds" gir god, balansert komposisjon i eit bilete.
Lag eigne, personlege versjonar av komposisjonane i oversikta. Bruk gjerne meir enn eit prinsipp i same rute, men la hovudprinsippet komme tydeleg fram.