Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Korleis opptrer ein god guide?

Som guide kan ein komme oppi mange utfordrande situasjonar. I denne oppgåva skal de diskutere kva som er god og mindre god handtering av ulike situasjonar.
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.

Oppgåve

Sjå den regisserte filmen nedanfor (lengde: 12.18) om ein guida tur i Eidsvollsbygningen.

Video: Christina Svien / CC BY-SA 4.0

Del 1

Skriv ned kva for nokre utfordrande situasjonar som oppstår i filmen.

Del 2

Sett dykk saman to og to. Ta for dykk kvar enkelt scene i filmen og diskuter

  • situasjonane som oppstår

  • kva som var bra ved måten guiden handterte situasjonane på

  • kva som var mindre bra ved måten guiden handterte situasjonane på

  • forslag til korleis situasjonane burde ha vore handterte

  • personlege eigenskapar denne guiden har, som òg er viktig for jobben hans

  • eventuelle andre personlege eigenskapar guiden burde hatt

Del 3

Diskuter dei ulike situasjonane felles i klassen.

Forslag til fleire diskusjonsspørsmål:

  • Kva gjorde guiden for å halde gruppa interessert og engasjert?

  • Korleis tilpassa guiden seg dei ulike gjestene?

  • Korleis brukte guiden kroppsspråk og stemme for å formidle informasjon?

  • Kva eigenskapar meiner du er viktigast for ein god guide?

Tips til lærar

  • Spel av filmen i sin heilskap for ein samla klasse.

  • Be elevane skrive ned dei ulike situasjonane som oppstår.

  • Spel av og diskuter kvar situasjon for seg.

Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 14.05.2025