Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Lag ein podkast om vertskapsrolla

I dette oppdraget skal de bruke noko av det de har lært om vertskapsrolla, til å lage ein podkast.

Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein utgått læreplan. Versjonen du ser på, kan innehalde utdatert informasjon eller ha andre feil.

Oppgåve

Lag ein podkast på 10 til 15 minutt om vertskapsrolla. Samarbeid gjerne i grupper på tre.

De bestemmer sjølve innfallsvinkelen til temaet, men her er nokre forslag:

  • kva som kjenneteiknar vertskapsrolla

  • konkrete forslag til korleis vi kan få gjestar til å kjenne seg velkomne og sette

  • vertskapet som ansiktet til bedrifta utetter

  • relasjonskompetanse og sosial kompetanse

  • kva som blir meint med servicekvalitet

  • døme på ubehagelege situasjonar som kan oppstå, og korleis vertskapet kan handtere slike situasjonar

  • planlegging og gjennomføring av ulike reiselivsaktivitetar

  • kor viktig det er med eit godt vertskap

Relatert innhald

Korleis lage ein podkast

Få gode tips til arbeidet med podkast-oppgåva i desse videoane om podkastar og om lydredigering i gratis-programmet Audacity.

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist oppdatert 27.04.2022