Korleis opptrer ein god guide?
Oppgåve
Sjå den regisserte filmen nedanfor (lengde: 12.18) om ein guida tur i Eidsvollsbygningen.
Del 1
Skriv ned kva for nokre utfordrande situasjonar som oppstår i filmen.
Del 2
Sett dykk saman to og to. Ta for dykk kvar enkelt scene i filmen og diskuter
situasjonane som oppstår
kva som var bra ved måten guiden handterte situasjonane på
kva som var mindre bra ved måten guiden handterte situasjonane på
forslag til korleis situasjonane burde ha vore handterte
personlege eigenskapar denne guiden har, som òg er viktig for jobben hans
eventuelle andre personlege eigenskapar guiden burde hatt
Del 3
Diskuter dei ulike situasjonane felles i klassen.
Forslag til fleire diskusjonsspørsmål:
Kva gjorde guiden for å halde gruppa interessert og engasjert?
Korleis tilpassa guiden seg dei ulike gjestene?
Korleis brukte guiden kroppsspråk og stemme for å formidle informasjon?
Kva eigenskapar meiner du er viktigast for ein god guide?