Oppgåver til filmen "Godt vertskap"
Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein utgått læreplan. Versjonen du ser på, kan innehalde utdatert informasjon eller ha andre feil.
Oppgåve 1
Sjå filmen, og ta notat undervegs.
Oppgåve 2
Korleis forklarer Märit Torkelson ordet vertskap?
Oppgåve 3
I filmen seier Märit Torkelson:
"Vertskap er ei haldning – ikkje ei stilling."
"Ein kan sjå på vertskap som ein muskel ein kan trene."
"Omtanke er hjartet til vertskapet."
Forklar kva Märit Torkelson meiner med kvar av desse utsegnene.
Oppgåve 4
Beskriv korleis vertskapsrolla kan utøvast i praksis, og gi konkrete døme frå filmen.
Oppgåve 5
Gjer greie for kvifor det er viktig å vere eit godt vertskap.
Oppgåve 6
Drøft påstandane:
"Resepsjonisten har den viktigaste oppgåva på eit hotell."
"Eit godt vertskap er det viktigaste konkurransefortrinnet for ulike reiselivsaktivitetar."