Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Krisereaksjonar

Krisereaksjonar er normale reaksjonar på uvanlege hendingar. Når vi opplever truslar mot vårt eige eller andres liv, ser noko veldig ubehageleg eller mister nokon vi er glad i, kjem kroppen og hjernen vår i beredskap.

Kriser

Kriser eller krisesituasjonar er dramatiske og traumatiserande hendingar som kan true eller svekke viktige funksjonar og verdiar hos enkelpersonar, familiar eller lokalsamfunn. Dette kan vere plutselege barnedødsfall, sjølvmord, ulike typar ulykker med eller utan dødsfall, valdtekter eller ran. I tillegg kan kriser vere langvarig dødeleg/alvorleg sjukdom der barn og vaksne over tid opplever spesielt belastande forhold.

Fight, flight eller freeze

Kriser kan føre til stress, og korleis vi reagerer, kan variere mykje frå person til person, både i styrke og korleis det viser seg. Instinktivt reagerer vi med "fight" (kjempe), "flight" (flykte) eller "freeze" (fryse). Av og til er det best å flykte, andre gonger å kjempe. Å fryse vil vanlegvis ikkje vere nyttig i ein krisesituasjon. Desse reaksjonane vernar oss og hjelper oss med å lagre viktig informasjon som vi kan trenge for å handtere hendinga seinare.

Reaksjonane våre avheng av personlegdom, erfaring og situasjon. Kroppen mobiliserer ressursar, og vi kan oppleve ukjende krefter og skjerpte sansar. Etter ei dramatisk hending kan opplevinga av seg sjølv og andre bli forandra. Nokre menneske klarer ikkje å ta fornuftige val eller å ta vare på seg sjølve. Nokre kan bli apatiske, likegyldige eller utan interesse for ting, og ukontrollert sinne kan òg oppstå. For enkelte vil reaksjonane minke raskt etter at krisa har hendt, mens andre kan oppleve at dei varer lenger.

Det er viktig å merke seg at kriser ikkje nødvendigvis vil gi same reaksjon hos alle menneske. Dette kjem både an på hendinga og på miljømessige og personlege forhold. Nokon vil ikkje oppleve sterke reaksjonar, verken med ein gong eller seinare, og det er heilt normalt. Det er viktig å gjere det klart for dei dette gjeld, at det er greitt å ikkje ha sterke reaksjonar.

Kriser kan gi sterke reaksjonar den første tida, men som regel vil dette minke etter kvart. Nokon opplever at det held fram over tid og går ut over funksjonsevna. Då er det nyttig med fagleg hjelp, og du kan hjelpe til slik at dei blir viste til lege eller psykolog.

Krisereaksjonar

Akutte reaksjonar

Vanlege akutte reaksjonar er

  • sjokk, forvirring, uverkelegheitskjensle, sterke emosjonelle reaksjonar eller fråvær av kjensler

  • tungsinn, frykt, sinne, maktløyse, sjølvkritikk, fornekting

  • kroppslege reaksjonar som hjartebank, hyperventilering, sveitting, frostanfall, skjelving, kvalme og svimmelheit

  • tilbaketrekking, hyperaktivitet, minnesvikt (amnesi), og/eller total utmelding frå situasjonen kan skje

Reaksjonar over tid

Dei fleste som opplever kriser, ulykker eller katastrofar, vil merke at stressreaksjonane blir svakare over tid, og at dei kjem seg gjennom krisen utan varig svekt funksjonsnivå. Hos eit mindretal kan likevel reaksjonane bli sterkare over tid, spesielt viss personen har hatt store stressreaksjonar frå starten. Reaksjonar som kan halde fram eller utvikle seg over tid, er

  • angst, uro

  • skyldkjensle, sjølvkritikk og kritikk av andre

  • irritasjon og sinne

  • søvnvanskar

  • vanskar med konsentrasjon og minne, læringsvanskar

  • sosial tilbaketrekking, vanskar i kontakt med nære venner og familie

  • forandra oppfatning av seg sjølv og andre, forandra sjølvkjensle

  • tungsinn, sakn, lengt (spesielt etter dødsfall), håpløyse og depresjon

  • påtrengande minne og tankar om det som har skjedd

  • grubling

  • unngåing av alt som minner om det som har hendt, med redusert livsutfolding

  • fysiske reaksjonar som til dømes å bli meir skvette, vaktsam, uroleg og vedvarande aktiv, bli trøytt eller få vondt i kroppen

Alvorlege etterreaksjonar

Av og til kan folk få psykiske problem som er så alvorlege at dei treng hjelp frå kvalifisert helsepersonell etter ei krise, ei ulykke eller ein katastrofe.

Mange ulike psykiske problem kan oppstå etter slike hendingar, mellom anna:

  • akutt stressreaksjon

  • depresjon

  • angst og fobiar

  • posttraumatisk stressliding (PTSD) kan gi påtrengande minne, unngåing av ting som minner om hendinga, kjenslemessig nomenheit, søvnproblem, konsentrasjonsvanskar og auka vaktsemd

  • komplisert sorg

  • vedvarande skyld og sinne

  • rusavhengigheit, sjølvskading med meir

Når reaksjonane etter ei krise er så sterke at dei stoppar normal funksjon, treng ein rask hjelp.

Utfordringar til deg

  1. Kva er ei krise?

  2. Kva er ein krisereaksjon?

  3. Kvifor bør du som yrkesutøvar kjenne til ulike krisereaksjonar?

Kjelder

Djup, H. W. (2020, 23. oktober). Å hjelpe mennesker i krise. Ambulanseforum. https://www.ambulanseforum.no/noe-a-laere-av/a-mote-mennesker-i-krise/161725

Helsedirektoratet. (2016, 17. mars). Krav til personell som yter helse- og omsorgstjenester. I Psykososiale tiltak ved kriser, ulykker og katastrofer (Mestring, samhørighet og håp) [Veileder]. https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/psykososiale-tiltak-ved-kriser-ulykker-og-katastrofer/rettslige-rammer#krav-til-personell-som-yter-helse-og-omsorgstjenester

RVTS. (u.å.). Krisereaksjoner under og etter en hendelse. Henta 4. april 2025 frå https://www.psykososialberedskap.no/krisereaksjoner-under-og-etter-en-hendelse/

Røde Kors. (u.å.). Psykososial førstehjelp. Henta 4. april 2025 frå https://www.rodekors.no/forstehjelp/tema/psykososial/


Skrive av Siv Stai, Grethe Giæver Nilsen og Elin Rånes Gjøvikli.
Sist oppdatert 08.05.2025