Korleis informere om sjukdom og plager?

Sjukdom eller vanleg plage?
I denne oppgåva skal du øve på å skilje mellom sjukdommar og plager og grunngi vala dine.
Del tavla i klasserommet i to kolonnar. Den eine kolonnen er for sjukdommar, og den andre er for plager.
Kvar elev får to post-it lappar. På den eine lappen skriv du ein sjukdom, og på den andre lappen skriv du ei plage.
Elevane kjem fram til tavla og festar dei to lappane i rett kolonne på tavla.
Når alle lappane er på plass, skal de diskutere i klassen om dei ulike sjukdommane og plagene er sorterte rett. Flytt lappane til rett kolonne om dei er plasserte feil.
Reflekter saman i klassen over forskjellen på sjukdommar og plager.
Rollespel
I dette rollespelet skal de øve på å både gi og få informasjon om éin av sjukdommane eller éi av plagene nedanfor. Jobb to og to saman. Éin elev tek rolla som helseservicearbeidar, og den andre tek rolla som pasient eller kunde.
Vel éin av sjukdommane eller éi av plagene:
halsbrann
forstopping
tannkjøttbetennelse (gingivitt)
diabetes
høgt blodtrykk
1. Førebuing
Skriv eit manus til rollespelet og fordel rollene mellom dykk. Tenk gjennom kva som kjenneteiknar pasienten eller kunden. Bestem til dømes alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Tenk òg gjennom kva informasjon pasienten eller kunden kan ha behov for.
Pasienten kan til dømes ha behov for å få informasjon om
årsaker og symptom
førebyggande tiltak og eigenomsorg
reseptfrie middel som kan lindre plagene
når det er nødvendig å oppsøke lege, tannlege eller anna helsepersonell
I rolla som pasient eller kunde skal du setje deg inn i den sjukdommen eller plaga du har valt for å kunne beskrive symptoma på ein realistisk måte.
2. Gjennomføring
Rollespelet kan gjennomførast for resten av klassen eller spelast inn som video.
3. Tilbakemelding
Etter at de har gjennomført rollespelet, skal dei andre gruppene gi tilbakemelding ved å svare skriftleg på dei to spørsmåla nedanfor. Tilbakemeldinga skal vere fagleg grunngitt og ta utgangspunkt i
korleis informasjonen til pasienten eller kunden blei formidla (til dømes gjennom kroppsspråk og ordval)
om informasjonen var fagleg korrekt
korleis informasjonen var tilpassa føresetnadene til pasienten/kunden
To spørsmål som de må svare på og grunngi:
Kva fungerte godt i rollespelet? Nemn minst to konkrete døme.
Nemn éin ting gruppa kunne gjort annleis eller betre.
Læraren samlar inn alle svara og gir tilbakemelding til kvar gruppe.
Test deg sjølv
I den interaktive oppgåva under skal du ta stilling til i alt 11 spørsmål om det å gi informasjon til pasientar og kundar som helseservicearbeidar.