Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Øv på rettleiing med ein praterobot

Som helsepersonell skal du gi rettleiing til kundar, pasientar og pårørande. Rettleiing er ein samtale der du hjelper den andre til å reflektere over og forstå sin eigen situasjon. I denne oppgåva får du øve deg på å gjennomføre ein rettleiingssamtale ved å samtale med ein praterobot.

Korleis gjennomføre samtalen?

I denne oppgåva skal du velje eitt av tre yrke og utføre ein rettleiingssamtale med ein pasient eller kunde. Under finn du tre ulike situasjonar du kan velje mellom, avhengig av kva yrke du utdannar deg til.

I samtalen med prateroboten skal du ta rolla som helseservicearbeidar, mens roboten speler rolla som pasient eller kunde. Bruk det du har lært om rettleiing til å hjelpe pasienten eller kunden med å reflektere over eigen situasjon, og komme fram til løysingar som er realistiske å gjennomføre. Når samtalen er avslutta, får du tilbakemelding frå prateroboten på korleis du gjennomførte rettleiinga.

Framgangsmåte for samtale med prateroboten

Slik går du fram når du skal bruke prateroboten:

1. Start samtalen

Bruk den foreslåtte startsetninga som blir vist når du har valt situasjonsbeskrivinga du ønsker å ta utgangspunkt i. Du kan enkelt kopiere og lime setninga inn i tekstfeltet der du startar samtalen.

2. Be om rettleiing og øv vidare

Når du kjenner deg ferdig eller opplever at du ikkje kjem lenger i samtalen med prateroboten, skriv du "Ønsker rettleiing". Då får du tilbakemelding på korleis du har handtert situasjonen og råd om korleis du kan gjere det betre.

Etter at du har fått rettleiing, kan du starte ein ny samtale ved å nullstille prateroboten eller laste inn sida på nytt. Oppgåva fungerer nemleg best når du gjennomfører samtalen fleire gonger og prøver å ta til deg tilbakemeldingane frå roboten. Du lærer gjennom å utforske korleis du kan forbetre måten du handterer konflikten på.

Vel rolle og situasjonsbeskriving

For å komme i gang med samtalen vel du éin av situasjonane lista opp under, avhengig av kva yrke du utdannar deg til.

Merk: Om du ikkje allereie er pålogga, vil du bli beden om å logge inn med Feide-brukaren din for å få tilgang.

Rettleiing på apotek

Du er apotekteknikar og skal rettleie om kosthaldsendringar hos ein pasient med diabetes type 2.

Gå til dialogen med kunderettleiing på apotek.

Rettleiing på tannlegekontor

Du er tannhelsesekretær og skal rettleie ei mor i tannpuss av ein 4-åring som har begynnande hol.

Gå til dialogen med kunderettleiing på tannlegekontoret.

Rettleiing på legekontor

Du er helsesekretær og skal rettleie ein pasient som har vore storrøykar i mange år, og som ønsker å slutte.

Gå til dialogen med kunderettleiing på legekontoret.

Refleksjon

Du har no gjennomført éin eller fleire rettleiingsamtalar med prateroboten og fått tilbakemeldning på korleis det gjekk. No skal du reflektere over korleis du gjennomførte samtalen/samtalane med pasienten eller kunden.

  1. Korleis prøvde du å legge til rette for refleksjon hos pasienten eller kunden?

  2. Kva for tilbakemeldingar frå prateroboten opplevde du som spesielt nyttige?

  3. Kva skil ein rettleiingssamtale frå det å gi informasjon og råd til ein pasient eller kunde?

Skrive av Kathrine Synnøve Karlsen.
Sist oppdatert 26.11.2026