Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Samtykke og samtykkekompetanse

For at vi kan gi helsehjelp, må pasienten først samtykke til behandlinga, og pasienten må ha evne til å forstå kva samtykket inneber. Det blir kalla å ha samtykkekompetanse. Kunnskap om dette er viktig for alle som skal jobbe med pasientar.

Pasientautonomi

Pasientautonomi betyr sjølvråderett – at kvar enkelt har fridom til å bestemme over sitt eige liv og si eiga helse. Sjølvråderett er ein grunnleggande menneskerett, forankra i FNs menneskerettserklæring. I helse- og omsorgstenesta er det òg ein lovfesta rett i pasient- og brukarrettslova (kapittel 3 om medverknad og informasjon og kapittel 4 om samtykke til helsehjelp). For oss som fagarbeidarar er pasientautonomi eit ideal vi skal oppfylle i praksis.

Det betyr at vi skal legge til rette for at pasienten, så langt det er mogleg, kan ta eigne val og medverke i avgjerder om eiga helse og behandling. Som fagarbeidar har du ei viktig oppgåve med å gjere menneske i stand til å bestemme over seg sjølve og ta eigne val. For å få til dette må du gi tydeleg og tilpassa informasjon, støtte pasienten i avgjerdsprosessen og respektere vala dei tek.

Avgrensa sjølvråderett

Når ein pasienten blir vurdert til ikkje å ha tilstrekkeleg kompetanse til å ta eigne avgjerder om behandling, blir retten til sjølvråderett avgrensa. Dette gjeld mellom anna barn, personar med alvorlege psykiske lidingar eller utviklingshemming, pasientar med demens, medvitslause personar og dei som er svært svekte.

Kva er samtykke?

Samtykke betyr at pasienten godtek eller tillet helsehjelp. Helsehjelp kan som hovudregel berre bli gitt viss pasienten samtykker, og samtykket skal vere frivillig og basert på nødvendig informasjon om helsetilstanden og behandlinga.

Samtykke kan bli gitt munnleg, skriftleg eller stillteiande ved handling, som til dømes å strekke ut armen for blodprøve. Jo meir omfattande og risikofylt behandlinga er, desto viktigare er det å sikre at pasienten verkeleg forstå og samtykker.

Pasienten kan når som helst trekke tilbake samtykket. Viss det skjer, skal helsepersonell forklare kva konsekvensar dette får, og behandlinga må avsluttast.

Samtykkekompetanse

Samtykkekompetanse er evna ein person har til å forstå, vurdere alternativ og ta ei informert avgjerd om helsehjelp. I Noreg blir dette regulert av pasient- og brukarrettslova § 4-3.

Kven har samtykkekompetanse?

  • Personar over 18 år har som hovudregel full samtykkekompetanse.

  • Ungdom mellom 16 og 18 år har som hovudregel samtykkekompetanse. Det er enkelte unntak, til dømes kosmetiske inngrep, injeksjonar og behandling utan medisinsk grunngiving. Desse krev at ein er 18 år. Steriliseringslova krev 25 år.

  • Barn mellom 12 og 16 år kan samtykke til helsehjelp i saker som foreldra ikkje er informerte om, eller når arten av tiltaket tilseier det. Det kan til dømes vere samtalar med helsesjukepleiar om psykisk helse, trivsel eller prevensjon.

Barn under 12 år har normalt ikkje samtykkekompetanse. Her er det foreldre eller føresette som skal samtykke.

Manglande samtykkekompetanse

Samtykkekompetansen kan vere heilt eller delvis redusert dersom ein person, på grunn av sjukdom eller funksjonsnedsetjing, ikkje klarer å forstå informasjonen som blir gitt, eller kva samtykket inneber. Dette kan til dømes komme av demens, medvitsløyse, psykisk utviklingshemming eller alvorlege fysiske og psykiske forstyrringar.

Kven vurderer samtykkekompetanse?

Det er helsepersonellet som yter helsehjelpa, som vurderer om pasienten har samtykkekompetanse. Dei skal legge til rette for at pasienten kan forstå og kan ta eigne val. Det krev svært klare teikn på manglande samtykkekompetanse før ein kan ta frå pasienten denne retten, og mange med noko redusert forståing vil derfor bli vurderte som samtykkekompetente. Det er berre unntaksvis at pasienten blir vurdert å ikkje vere samtykkekompetent. Avgjerda må vere skriftleg og grunngitt, og ho skal bli delt med pasienten og pårørande viss det er mogleg.

Pårørande

Pasientar kan sjølve velje kven som skal vere pårørande og næraste pårørande. Næraste pårørande har fleire rettar enn andre pårørande, til dømes tilgang til informasjon, innsyn i journal og moglegheit til å samtykke. Viss pasienten ikkje kan seie kven som er pårørande, blir den som har mest kontakt, rekna som næraste pårørande.

Når ein pasient manglar samtykkekompetanse, får den næraste pårørande ei viktig rolle med å vareta ønska til pasienten og å ta avgjerder. For å handle på vegner av pasienten, som å hente medisin eller få informasjon frå lege, må det vere ei skriftleg fullmakt. Ei fullmakt gir ein person lov til å gjere noko på vegner av ein annan. Den som gir fullmakta, må vere over 16 år, og den som får fullmakta, må vere over 18 år.

Rett til å nekte behandling

Ein pasient som er over 18 år og forstår konsekvensane, har rett til å seie nei til behandling sjølv om det kan føre til at hen døyr. Dette gjeld til dømes å nekte blodoverføring eller livsforlengande behandling. Helsepersonell må respektere valet til pasienten, men skal først forsikre seg om at pasienten har fått god informasjon og forstår kva avgjerda inneber.

Viss pasienten ikkje kan uttrykke ønsket sitt, kan pårørande formidle dette, men helsepersonell må vurdere om det er i tråd med dei eigne ønska til pasienten. Når livsforlengande behandling blir stoppa, skal pasienten framleis få pleie, lindring og støtte.

Foreldre kan ikkje nekte nødvendig behandling for barna sine. Viss barn ikkje får den helsehjelpa dei treng, kan barnevernet gripe inn for å sikre behandling.

Unntak frå samtykkekrav

Helsehjelp kan bli gitt utan samtykke i akuttsituasjonar der det er alvorleg fare for livet til pasienten og det ikkje er tid til å innhente samtykket til pasienten, eller der pasienten på grunn av den fysiske eller psykiske tilstanden sin ikkje er i stand til å samtykke.

Utfordringar til deg

  1. Korleis kan du som fagarbeidar sikre at pasienten forstår kva hen samtykker til, før du gir helsehjelp?

  2. Kva gjer du viss du oppdagar at ein pasient ikkje har samtykkekompetanse, men det må bli teke ei viktig avgjerd om behandling?

  3. Kvifor er det viktig å respektere retten pasienten har til å seie nei til behandling, og korleis kan dette påverke rolla di i yrkesutøvinga?

Kjelder

Bahus, M. K. (2024, 23. august). Pårørende (helserett). I Store norske leksikon. https://snl.no/p%C3%A5r%C3%B8rende_-_helserett

Helsedirektoratet. (2025, 1. september). 4. Samtykke til helsehjelp. I Pasient- og brukerrettighetsloven med kommentarer. [Rundskriv]. https://www.helsedirektoratet.no/rundskriv/pasient-og-brukerrettighetsloven-med-kommentarer/samtykke-til-helsehjelp

Helsenorge. (u.å.). Fullmakt. Henta 25. november 2025 frå https://www.helsenorge.no/fullmakt/

Pasient- og brukarrettslova (1999). Lov om pasient- og brukerrettigheter (LOV-1999-07-02-63). Lovdata. https://lovdata.no/lov/1999-07-02-63

Ursin, L. (2023, 7. september). Pasientautonomi. I Store medisinske leksikon. https://sml.snl.no/pasientautonomi

Ursin, L. (2024, 25. januar). Samtykkekompetanse. I Store norske leksikon. https://snl.no/samtykkekompetanse_-_medisinsk_etikk

Relatert innhald

Skrive av Therese Lindahl Carlsen og Siv Stai.
Sist oppdatert 22.12.2025