Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Profesjonell informasjon og rettleiing

Når du jobbar med menneske, vil du nokre gonger komme i situasjonar der du må gi tydeleg og konkret informasjon. Andre gonger møter du personar som treng støtte til å reflektere og finne eigne løysingar. Då vil god rettleiing frå deg vere til stor hjelp.

Kva trengst i informasjons- og rettleiingsrolla?

Profesjonell kompetanse

I informasjons- og rettleiingsrolla skal du bruke den profesjonelle kompetansen din. Det betyr at du tek i bruk kunnskapen din, dei yrkesspesifikke ferdigheitene dine og dei personlege eigenskapane dine i samhandling med pasientar og kundar. Du skal gi informasjon, rettleiing og råd innanfor ditt eige kompetanseområde.

Vi skil mellom å gi informasjon, rettleiing og gi råd, men i praksis kan desse rollene gli naturleg over i kvarandre i samhandling med pasientar eller kundar.

Fagkunnskap og relasjonskompetanse

Som helsepersonell har du brei kompetanse innan tiltak som fremmar helse og førebyggande arbeid.

Du skal kunne formidle fagleg korrekt informasjon på ein måte som er tilpassa pasienten eller kunden. Ved å bruke gode kommunikasjonsferdigheiter og personlege eigenskapar kan du samtidig bygge ein god relasjon. Dette bidreg til å skape tryggleik og tillit til deg som profesjonell yrkesutøvar.

Lovverket som grunnlag for informasjon og rettleiing

Lovverket legg grunnlaget for all informasjon og rettleiing ved å understreke fagleg forsvarlegheit, teieplikt og brukarmedverknad. Dette sikrar at informasjon og rettleiing styrker meistringa til pasientane, fremmar sjølvråderett og varetek rettane deira.

Korleis gi informasjon klart og forståeleg

Når du gir informasjon, skal han vere objektiv og fagleg korrekt, utan eigne tolkingar. Du skal gi tilstrekkeleg informasjon slik at pasienten eller kunden kan ta vare på eiga helse. Når du gir helsehjelp, må du også informere om kva som skal gjerast og kvifor.

Informasjon kan formidlast direkte i ein samtale eller indirekte gjennom til dømes brosjyrar eller ved å vise til nettsider der pasienten kan finne relevant informasjon.

Informasjonen må vere lett å forstå. Du må ta omsyn til alderen til pasienten, modnad, erfaring, språk, kultur og eventuelle funksjonsnedsettingar. Sørg for å få stadfesta at pasienten har forstått, og tilpass formidlinga ved behov.

Praktiske tips når du gir informasjon

  • Bruk roleg kroppsspråk og ha augekontakt.

  • Snakk i eit tempo som pasienten/kunden klarer å følge.

  • Bruk enkle ord, korte setningar og forklar faguttrykk.

  • Del opp informasjonen i små bitar og sjekk forståing undervegs.

  • Be personen gjenta med eigne ord for å stadfeste forståing.

  • Bruk hjelpemiddel ved behov, til dømes skriftleg informasjon, bilete, symbol eller tolk.

  • Still opne spørsmål og gi rom for spørsmål.

  • Dokumenter i journalen kva du informerte om, forståinga til pasienten og eventuelle tiltak du gjorde for å sikre forståing (til dømes skriftleg materiale, tolk og liknande).

Kva er rettleiing?

Rettleiing er ein planlagd og målretta samtale der du hjelper ein person til å forstå ein situasjon betre og til å sjå nye moglegheiter. Samtalen bygger på respekt, lytting og likeverd. Målet er at den andre skal utvikle meistringskompetanse, altså ferdigheiter og tryggleik, til å takle utfordringar i både kjende og nye situasjonar.

Den som får rettleiing, skal vere den aktive parten i samtalen slik at han eller ho sjølv kan vurdere, reflektere og finne si eiga løysing.

Rettleiarrolla

Når du går inn i rettleiarrolla, er di viktigaste oppgåve å støtte og hjelpe den som skal rettleiast. Du skal vere ein trygg person som lyttar, viser forståing og skaper eit rom der den andre tør å opne seg.

Når du får ei god forståing av personen og situasjonen, kan du støtte hen vidare frå der hen er no, til dit hen ønsker å komme. Du hjelper hen å sjå moglegheiter, sortere tankar og finne ein trygg veg vidare.

Profesjonalitet og bevisstheit om eiga rolle

Som rettleier må du vere profesjonell og klar over di eiga rolle og korleis du påverkar samtalen. Du set tydelege rammer, har fokus på personen du rettleier og unngår å bli for privat.

Når du er klar over dine eigne kjensler og reaksjonar og opptrer roleg og tydeleg, skaper du tryggleik og tillit.

Likeverd og respekt

Rettleiing bygger på likeverd. Sjølv om du leier prosessen, møter du personen som ein likeverdig part. Du møter personen med respekt, og gjennom samarbeid støttar du personen i å finne eigne, gode løysingar. Når den som blir rettleidd kjenner seg teken på alvor, aukar både tryggleik og motivasjon.

Å forstå heile mennesket

For å rettleie godt treng du både kompetanse og tolmod til å forstå mennesket og det som skjer rundt personen. Det inneber å sjå kva behov, kjensler og erfaringar som påverkar korleis personen handlar og reagerer. Samtidig må du ha innsikt i kva utfordringar, rammer og forhold i livet som påverkar kvardagen til personen.

Å gi emosjonell støtte

Som rettleiar møter du menneske som kan vere usikre, frustrerte eller stå i situasjonar som blir opplevd som vanskelege. Dei treng at du viser omtanke, ro og interesse. Emosjonell støtte handlar om å vere til stades, vise at du bryr deg og skape tryggleik gjennom måten du møter og samhandlar med andre på.

Å møte menneske på ulike måtar

Ulike menneske treng å bli møtt på ulike måtar, og det er ditt ansvar å justere kommunikasjonen etter det den andre treng. Du må ta initiativ til kontakt, vise interesse og vere nysgjerrig. Aktiv lytting er ein viktig del av dette. Når du viser at du følger med, forstår og gir rom for at den andre kan tenke og uttrykke seg i eige tempo, bidreg du til ein trygg og god relasjon.

Å vere ein god spørsmålsstillar

Ein god rettleiar bør stille opne spørsmål som hjelper personen til å utforske eigne tankar og forstå sitasjonen sin betre. Du stiller eitt spørsmål om gongen, lyttar godt og let vere å svare for personen. Det er også viktig å gi den andre tida til å tenke og tole at det oppstår korte pausar i samtalen.

Når du oppmuntrar til å utdjupe, blir det lettare for personen å reflektere og sjå eiga rolle tydelegare.

Å finne balansen mellom støtte og utfordring

Som rettleiar må du vurdere om personen først og fremst treng tryggleik, eller om det er rett å utfordre dei. For mykje støtte kan hindre utvikling, mens for mykje utfordring kan skape utryggleik. Når du finn ein god balanse, blir det lettare for personen å sjå nye moglegheiter og ta eigne val.

Å sjå og framheve sterke sider

Ein viktig del av rettleiarrolla er å legge merke til kva personen får til. Når du løftar fram dei sterke sidene og ressursane i personen, kan det styrke både motivasjonen og sjølvtilliten. Anerkjenning og konkrete, positive tilbakemeldingar kan vere svært verknadsfulle og bidra til utvikling og endring.

Korleis vi lærer

Som rettleiar treng du kunnskap om korleis menneske lærer. Læring skjer best når innhaldet blir opplevd som relevant, når personen får tid til å reflektere og når eigne erfaringar blir tekne i bruk. Ved å stille opne spørsmål som får personen til å reflektere og tenke gjennom fleire moglegheiter, støttar du den kritiske tenkinga deira og bidreg til gode læringsprosessar. Personar kan då lære å forstå sin eigen situasjon betre, utvikle meistringsstrategiar og ta val som fremmar helse.

Meistring og tru på eigne evner

Meistringskjensle og trua på at "eg får det til" har mykje å seie for læring. Når du som rettleiar hjelper personen til å oppleve både små og store meistringsaugeblinkar, aukar både sjølvtilliten og motivasjonen. Dette styrker trua på eigne evner og gjer læring og utvikling lettare og meir meiningsfull.

Humor og glede

Humor kan skape god stemning og styrke kontakten i rettleiinga. Det kan gjere samtalen lettare og bidra til ein meir avslappa situasjon. Det er viktig å le saman, men ikkje le av den andre. og må unngåast fordi det skaper usikkerheit.

Avslutning på rettleiingssamtalen

Ein rettleiingssamtale bør avsluttast med at de samanfattar kva de har snakka om, kva den som søker rettleiing har blitt klar over, og kva for nokre moglege neste steg som kan vere aktuelle. Ei tydeleg avslutning gir tryggleik, oversikt og motivasjon for vegen vidare.

Råd i rettleiinga

Mange ventar å få råd når dei blir rettleidde, og det kan føre til at det er vanskeleg for rettleiaren å vente med å gi råd. Likevel er det viktig at råd ikkje kjem for tidleg. Dersom rettleiaren ikkje har fått god nok oversikt over saka, kan råda forstyrre samtalen eller skape misforståingar. Råd bør derfor givast først når situasjonen er godt nok forstått.

Det viktigaste i rettleiinga er at personar får hjelp til å tenke sjølv og finne eigne løysingar. Råd kan likevel vere nyttige når dei opnar for nye moglegheiter som personen ikkje har sett før. Dei kan også bidra til auka forståing og gjere det lettare å handtere liknande situasjonar seinare.

Sjølv om råd blir sett på som noko som ligg litt utanfor det vi vanlegvis knyter til rettleiing, er dei ein naturleg del av ein rettleiingssamtale. Råd kan vere spontane eller planlagde. Det kan vere enkle tips eller meir gjennomtenkte forslag basert på fagleg kunnskap.

Når rettleiaren vel å gi råd, bør dei presenterast som moglegheiter personen kan velje mellom, ikkje som noko som følgast. Slik får den som blir rettleidd rom til å vurdere sjølv. Råd bør vere få, konkrete og tydelege.


Utfordringar til deg

  1. Kva gjer du om du gir informasjon, men personen likevel verkar usikker eller misforstår det du seier?

  2. Korleis kan du bruke opne spørsmål for å oppmuntre personen til å utforske eigne tankar og moglegheiter?

  3. Kva gjer du når personen du rettleier ber om konkrete råd, men du ønsker å støtte sjølvstendige val?

Kjelder

Furulund, L., Høsøien, U., Iversen, E. S. & Dueland, B. (2022). Veiledningsheftet: En praktisk guide til god veiledning. Kommuneforlaget.

Helsedirektoratet. (2023, 16. mai). Pasientens og brukerens rett til informasjon (§ 3-2). Helsedirektoratet. https://www.helsedirektoratet.no/rundskriv/pasient-og-brukerrettighetsloven-med-kommentarer/rett-til-medvirkning-og-informasjon/pasientens-og-brukerens-rett-til-informasjon

Mathisen, P. & Høigaard, R. (2023). Veiledningsmetodikk (2. utg.). Damm Akademisk.

Ulvik, M. & Smith, K. (2011). Veilederrollen – en profesjon innenfor profesjonen. Utdanningsforskning. https://utdanningsforskning.no/artikler/2011/veilederrollen---en-profesjon-innenfor-profesjonen/

Relatert innhald

Rettleiing

Rettleiing er ein målretta samtale som skal skape refleksjon. Den som får rettleiing, får på denne måten sjanse til å finne sine eigne svar og løysingar.

Pårørande som ressurs

Godt samarbeid med pårørande gjer at du som helsefagarbeidar betre kan ta vare på det heilskaplege behovet til brukaren.



Skrive av Siv Stai og Kathrine Karlsen.
Sist oppdatert 12.06.2026