Å gi informasjon, rettleiing og råd
Utfordringar til deg
Sjå filmen og noter stikkord undervegs før du gjer oppgåvene.
Kvifor er det viktig at du som helseservicearbeidar veit forskjellen på å gi informasjon, rettleiing og råd?
Finn døme frå samtalen der helseservicearbeidaren gir informasjon. Kva er det som gjer at dette er informasjon, og ikkje rettleiing eller råd?
Korleis kan du tilpasse informasjonen til kvar enkelt pasient?
Finn døme i samtalen der helseservicearbeidaren gir rettleiing. Beskriv situasjonen og forklar kvifor du meiner det er rettleiing.
Kvifor er det viktig å finne ut kva pasienten veit, tenker og føler før rettleiinga startar?
Kva for nokre konkrete råd gir helseservicearbeidaren i samtalen? Kva er forskjellen på å gi råd og å rettleie?
Relatert innhald
Rettleiing er ein målretta samtale som skal skape refleksjon. Den som får rettleiing, får på denne måten sjanse til å finne sine eigne svar og løysingar.
Filmen viser korleis du kan bruke digitale ressursar for å gi informasjon, rettleiing og instruksjon til kundar på apoteket.